Hopp til innhold

Fotballspelar sendt til sjukehus etter juniorkamp

Ein Sogndal-spelar vart i ettermiddag sendt til Haukeland universitetssjukehus i Bergen etter ein kraftig hovudduell i oppgjeret mot Førde. – Det var ufatteleg skremmande, seier trenar Jon Arild Halland.

Spelaren vart liggande medvitslaus att på bana, og sendt til Haukeland med luftambulanse.

– Eg fekk nett melding om at det går bra med han, men at han har fått ein kraftig hjerneristing, seier Jon Arild Halland som var lagleiar for Sogndal-laget.

Fekk førstehjelp

Det var fem minuttar att av finalen i vinterserien for juniorar då ein spelar frå kvart av laga gjekk opp ein luftduell.

– Han vart liggande att medvitslaus og vi fekk ikkje kontakt med han. Så kom det kyndig helsepersonell frå tribunen som tok hand om han og gav han førstehjelp, fortel trenar Jon Arild Halland.

– Det var veldig bra at her var folk som tok godt ansvar og visste kva ein skulle gjere, legg han til.

Ambulansen kom raskt

Ambulansen og vakthavande lege var på plass etter nokre minuttar. Etter kvart vakna også spelaren.

– Ambulansen kom veldig raskt til og han gav respons på spørsmål frå ambulansepersonell. Då han reiste var han medteken, men ved medvit, seier Halland.

Sogndal Fotball har i kveld lagt ut ei pressemelding på sine nettsider om at tilstanden står bra til med den unge spelaren.