Hopp til innhold

Vegvesenet fortvilar over illegale bilverkstader - åtvarar bileigarar mot å reparere bilen svart

Trass fleire kontrollar, kjem ein stadig over organisert verkstaddrift som ikkje har Vegvesenet si godkjenning her i fylket.

Kristian André Sæbø

ÅTVARAR: Overingeniør i Statens vegvesen, Kristian André Sæbø ber folk tenkje seg om før dei nyttar bilverkstadar som ikkje er godkjende.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Det er vanskeleg å seie nøyaktig kor mange verkstadar det er snakk om i Sogn og Fjordane, for det er store mørketal. Men vi veit nok om fem-seks stykk i dag som heilt klart burde hatt godkjenning, og som jobbar i strid med regelverket, seier overingeniør Kristian André Sæbø.

Desse verksemdene vil etter kvart få besøk av kontrollørar frå Vegvesenet.

– Dei vil nok merke at fleire etatar kan komme til å ta ein tur. Det er ei klar oppmoding om at dei kan ta kontakt for å søkje om å bli godkjende, seier Sæbø.

Og stoda er truleg verre enn kva Vegvesenet sine kontrollørar har klart å avdekke, sjølv om Sæbø ikkje vil male fanden på veggen.

– Generelt vil eg seie at bilbransjen er bra. Mange har ting på stell og følgjer regelverket som ligg til grunn. Men vi har utfordringar knytte til verksemder som ikkje er godkjende, og som driv ulovleg verkstaddrift, seier Sæbø.

Skal hengje godt synleg

Bilverkstader må ha godkjenning frå Statens vegvesen for å kunne utføre bilreparasjonar. Det gjeld både stort og smått, også for eit enkelt oljeskift.

Beviset på dette skal henge godt synleg i verkstaden. Dei siste åra har Vegvesenet intensivert kontrollane, likevel kjem dei stadig over illegale verkstader.

– Utfordringa er at dei ikkje ønskjer å bli godkjende. Ein del av dei har korkje kompetansen eller den økonomiske evna som skal til for å bli godkjende, seier Sæbø.

Han legg til at dei også ser at ein del gjer dette arbeidet i god tru.

– Men dei fleste vel å reparere køyretøyet utan godkjenning og utan å investere i naudsynt kompetanse og utstyr, seier Sæbø.

Har ikkje lov til å gjere noko utan godkjenning

Å vere ein godkjent bilverkstad, betyr at ein lovleg kan utføre reparasjonar på køyretøy.

– Då kan ein gjennomføre stort sett alt som gjeld reparasjon, vedlikehald, ombygging og oppbygging, seier Sæbø.

Har ein derimot ikkje godkjenning, er det i grunn lite ein har lov til å gjere.

– Du kan i grunn ikkje gjere noko som helst utan å ha ei godkjenning. Du må til dømes har godkjenning både til å skifte dekk, skifte olje og skifte bremser, seier Sæbø.

Men er du bilkunnig bileigar, så stiller saka seg noko annleis.

– Eg trur vi kan seie det slik at ein bileigar kan reparere sin eigen bil i høve det han kan. Det blir annleis når han vel å ta betalt for jobben for ein kunde. Då vert det stilt andre krav, seier Sæbø.

Kan få konsekvensar

Viss Vegvesenet mistenkjer at ein verkstad ikkje har alt på det tørre, kjem dei på vitjing.

– Vi informerer om regelverket og gir dei sjansen til å søkje og verte godkjende. Vi har også eit tett samarbeid med skatteetaten, Arbeidstilsynet og fylkesmannen, så i mange tilfelle tipsar vi dei om forhold, slik at også dei kan sjå om bedrifta følgjer andre styresmakter sine krav, seier Sæbø.

Sjølv om bileigarar som nyttar ikkje-godkjende verkstadar i høgste grad medverkar til denne type drift, har ikkje Vegvesenet noko ris bak spegelen for desse. Men Sæbø ber dei tenkje seg om.

– Bileigaren medverkar til ei straffbar handling. Vi har per i dag ikkje gjort noko med bileigar, men ein bør tenkje seg godt om før ein vel å nytte seg av verkstadar som ikkje er godkjende, seier Sæbø.

Han peikar på at konsekvensane kan bli meir alvorlege enn ein kanskje tenkjer over, og åtvarar folk mot å nytte verkstadar som ikkje er godkjende.

– Det er ikkje sagt at dei som reparerer bilen din har kompetanse til det, og det kan gå på tryggleiken laus, både for bileigar, familien hans og andre trafikantar langs vegen, seier Sæbø.

Vanskeleg å klage og reklamere

Eit anna perspektiv er at dersom ein nyttar ein autorisert verkstad, så har ein visse rettar som forbrukar. Desse fell vekk når du nyttar ein verkstad som ikkje er godkjend.

– Du har noko ikkje mange rettar. Og det er heller ikkje sikkert den verkstaden eksisterer veka etter. Klagerett og reklamasjon trur eg du kan gløyme. Det er ikkje ein gong sikkert dei nyttar nye delar, seier Sæbø.

I Sogn og Fjordane Bilbransjeforeining er leiar Odd Arild Dale klar på at dei krev at alle medlemmer skal ha godkjenning.

Dei som driv illegal verkstaddrift skadar heile bransjen, meiner Dale.

– Vi rår folk til å nytte godkjende verkstadar. Ein må også sjå dette i hop med kva du kan vente av verkstaden, seier Dale.

(Artikkelen held fram under biletet)

Odd Arild Dale, Sogn og Fjordane bilbransjeforeining

SKAL HA GODKJENNING: Odd Arild Dale i Sogn og Fjordane bilbransjeforeining understrekar at dei krev godkjenning frå sine medlemmer.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Fryktar at dei gir bransjen dårleg rykte

Han peikar på at offentleg godkjende verkstadar har ein del krav som må vere oppfylte.

– Vi ønskjer å opptre på ein best mogleg måte for våre kundar, seier Dale.

Han understrekar at for bransjeforeininga er det viktig at medlemmene er godkjende og har alt på stell.

– Våre medlemsbedrifter skal vere godkjende, og dei som søkjer om medlemskap hjå oss, får ei anbefaling om dei skal godkjennast eller ikkje av oss i styret, seier Dale.

Han har lite sansen for kva ikkje godkjende verkstadar gjer med ryktet til bransjen.

– Dei lagar eit dårleg rykte viss dei ikkje oppfører seg. Det finst nok dårleg rykte rundt omkring som kjem av bedrifter av denne typen, seier Dale.