Hopp til innhold

Oppmodar fleire til å klage på EU-kontrollen

Vart lista over feil og manglar lang etter at du hadde bilen din på EU-kontroll? Om du mistenkjer at verkstaden har gjort ein dårleg jobb kan du klage – og det bør fleire gjere meiner Vegvesenet.

EU-kontroll

DU KAN KLAGE: Om du ikkje er nøgd med EU-kontrollen på bilen din kan du klage til Vegvesenet. Det er noko fleire kan gjere, meiner overingeniør Kristian André Sæbø. (Biletet er frå eit tidlegare tilsyn.)

Foto: Nyhetsspiller

– Om ein mistenkjer at det er gjort feil, bør bileigarane nytte sjansen til å klage til oss, seier Kristian André Sæbø som er overingeniør ved tilsynsseksjonen hos Statens vegvesen, region Vest.

Bileigarane har retten på si side når dei kjem med ei slik klage, og Sæbø meiner fleire godt kunne ha gjort det.

– Då kan ein få ein ekstra sjekk av bilen. Vegvesenet vil då sjå på det bileigar ikkje er nøgd med av det arbeidet som verkstaden har gjort, seier han.

Etterkontrollerte 65 av 30300

Bilar som er eldre enn fire år må inn til EU-kontroll anna kvart år. Dette er ein kontroll der ein skal sikre at bilen er på eit minimum i forhold til trafikktryggleik.

Dei som skal utføre EU-kontrollar må ha løyve til det, og kvart år kontrollerer Statens vegvesen at verkstadane og andre godkjente EU-kontrollørar gjer jobben sin. Vegvesenet gjennomfører tilsyn, og dei tek også inn EU-kontrollerte bilar for ein ekstra sjekk.

Men det er umogleg å sjekke alle bilar som går gjennom ein EU-kontroll. I 2010 var det til dømes gjennomført 30300 EU-kontrollar i Sogn og Fjordane, men Vegvesenet etterkontrollerte berre 65 av desse.

Du som bileigar har rett til å klage

Sæbø ber difor om at også bileigarane har eit vake auge med det som blir gitt merknad til på EU-kontrollen.

– Vi ser at det er fleire som har levert inn klage til oss på dette hittil i år, enn det har vore tidlegare.

– Det kan gå på ting som at det er gitt merknad på rust på bremseskiver, eller på at frontruta er for slita.

Dette er ting verkstadane i dag kan gje merknad på, men der det er ei vurderingssak.

– I forhold til bremsene, så skal dei gje merknad om det er så mykje rust at det kan gå ut over bremseeffekten. Men ein må gjere ei vurdering av kor mykje rust det er, seier Sæbø.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kristian André Sæbø

FLEIRE: Ut frå kontrollane Vegvesenet har med bilverkstadane er det ting som tyder på at fleire burde klage på EU-kontrollen, seier Kristian André Sæbø i tilsynsseksjonen.

Foto: Anna Gytri / NRK

Har fått 12 klager

Til no i år har det kome inn 12 klager på EU-kontrollar i heile region Vest, som består av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland.

– Klagene kjem frå bileigarar i alle aldrar, både menn og kvinner.

– Men 12 klager frå til saman tre fylke høyrest ikkje mykje ut?

– Vi har ikkje hatt særleg mange klager tidlegare, og dette er ein oppgang. Det viser at fleire har blitt obs på moglegheita for å klage, og at bilverkstadane har blitt flinkare til å informere om retten bileigar har til å klage til Vegvesenet, seier Sæbø.

Meiner fleire kan ha grunn til å klage

Og ut frå kontrollane Vegvesenet gjer av bilverkstadane trur han talet kunne vore langt høgare. Sæbø har ikkje den fulle oversikta over kva feil og manglar dei har funne på tilsyn og kontrollar hos bilverkstadane i år, men seier det er fleire som har forbetringspotensial.

– Det kunne vore betydeleg fleire som klaga på EU-kontrollen som blir gjort.

– Ut frå dei stikkprøvekontrollane vi gjer av dei som utfører kontrollane, så er det veldig mykje bra. Men det er enkelte som skil seg ut, både i forhold til at dei gir merknader for altfor mange feil, eller for få feil, seier Sæbø.

Tek bilen inn på ny kontroll

Men korleis skal ein då fatta mistanke om at du kjem att frå EU-kontrollen med feil som ikkje skulle vore feil, eller at feil ikkje er oppdaga?

– Om bilen til dømes nyleg har vore inne til service, og du seinare kjem på EU-kontroll og får fleire feil, så kan ein vere skeptisk. Men samtidig kan det også ha blitt gjort feil på ein service, seier Sæbø.

– Generelt kan ein seie det slik at, har bileigar inntrykk av at bilen er trygg og sikker og det ikkje er ulydar eller slike ting, så kan ein godt vere meir kritisk til kontrollen. Bileigar kan også be om å få sjå feila som er gitt merknad for.

Dersom du klagar til Vegvesenet til dei sjå gjennom bilen din på ny. Om dei finn at verkstaden eller den som har utført EU-kontrollen har gjort feil vil dei ta kontakt med verkstaden.

– Det er ikkje nødvendigvis slik at verkstaden får noko problem. Er det snakk om ei vurdering som er gjort feil og seier seg samde i det, så er det ein ting. Om dei derimot har gjort fleire ting feil, då vil vi sjå på om dei har gode nok kontrollmetodar og om dei følgjer dei retningslinjene som finst, seier Sæbø.

Frå nyttår av blir EU-kontrollen i tillegg strengare. Dette kan føre til at du som bileigar må betale meir for den.

Bransjen er positiv

I Sogn og Fjordane Bilbransjeforening meiner sekretær Odd Erik Dale at det er heilt greitt om folk klagar.

– Det blir stilt krav til verkstader som skal drive med EU-kontroll. Om bileigarar klagar og finn ut at vi ikkje har gjort jobben vår, så er det rett av dei å klage, seier han.

– Eg trur vi gjer jobben vår i dag, men om ikkje gjer det, så må vi skjerpe oss, seier Dale.