Hopp til innhold

Har funne bremsefeil på EU-godkjende bilar

Er EU-kontrollane til å stole på? Ikkje alltid. Statens vegvesen sjekkar no EU-godkjende bilar, og dei finn både bremsefeil og defekte fjører og oppheng.

Video Kontroll av EU kontroll.

Kontroll av EU kontroll.

– Vi har sett både bremsefeil, bremselekkasje, lysfeil, diverse foringar, oppheng og fjører og eksosanlegg som er defekte, seier overingeniør Kristian André Sæbø ved Statens vegvesen sin trafikkstasjon i Førde.

Vegvesenet driv i desse dagar og kontrollerer bilar som er EU-godkjende. Det betyr i korte trekk at sjølv om du for berre to-tre veker sidan fekk bilen din EU-godkjend, kan du få innkalling frå Vegvesenet som ber deg komme med bilen på trafikkstasjonen, slik at dei kan få dobbeltsjekke at alt er i orden.

Sæbø meiner mange av feila dei finn, burde ha vore oppdaga på verkstadkontrollar.

Litt slapt innimellom

– Einskilde av småtinga er sånt som kan skje i ettertid. Men det er såpass kort tid sidan kontrollane vart gjennomførde, at vi meiner å kunne seie at ein del av feila også har vore der på kontrolltidspunktet. Så det har vore litt slapt, seier Sæbø.

Men han presiserer at dei også har funne mykje bra under kontrollane sine.

Sidan 2010 har Vegvesenet i Sogn og Fjordane dobla talet på stikkprøvekontrollar av EU-kontrollen. I 2010 utførte dei 65 stikkprøvekontrollar, i fjor 121 og for 2012 er målet å utføre 170 kontrollar. Håpet er at det skal bli fleire.

Bilane som er kalla inn til stikkontroll nok, vart EU-godkjende for to-tre veker sidan.

– Det er relativt kort tid sidan. Vi ser sjølvsagt at det kan skje noko på den tida, men det blir det opp til oss å påvise, seier Sæbø.

Finn feil hjå alle typar verkstader

EU-kontrollen er ein tryggleikskontroll for bilar. Men ikkje alle bilverkstader utfører kontrollen rett. I verste fall kan det bety at livsfarlege bilar kan køyre rundt på norske vegar.

Sæbø fortel at stort sett alle typar verkstader er representerte i funna.

– Vi har funne feil både blant velrenommerte verkstader, men også blant små verkstader. Alle har som regel små avvik, og det må vi også forvente. Alle kan gjere feil, og det er ikkje der vi set foten ned. Det gjer vi der vi finn dei graverande feila, seier Sæbø.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rust bremseskive

RUST: Her er døme på ei rusta bremseskive.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Nokon vert skikkeleg forbanna

Sæbø seier at tilhøva i Førde stort sett er ganske bra.

– Det har komme seg monaleg dei siste åra, men noko feil finn vi framleis, seier Sæbø.

– Korleis reagerer dei som vert kalla inn?

– Nokon er nok ganske forbanna. Dei må ta seg fri frå jobb, gjerne omstrukturere heile dagen sin og kanskje kvelden også. Men samtidig er det mange som gir positive tilbakemeldingar også, og som stiller med eit smil, seier Sæbø.

– Men korleis reagerer dei når dei fekk OK på EU-godkjenninga for to veker sidan, og så finn de feil?

– Dei blir lei seg, rett og slett. Nokon går herifrå med tungt hjarte. Dei ser at bilen på lappen er OK, og så får dei sjå her at vi finn feil som skulle vore utbetra. Vi har til dømes funne fastrusta bremseskiver, seier Sæbø.

Har sett mykje bra

Og då er forståeleg at bileigar byrjar å lure på kva einskilde verkstader eigentleg gjer på, og om dei er til å stole på i det heile.

– Det er litt trasig det då, men no er det heldigvis dei færraste som får den beskjeden, seier Sæbø.

Han har sett over den første av bilane som Autoforum har hatt hand om.

– Det ser veldig bra ut så langt. No skal vi ha fleire frå Autoforum seinare i dag. Denne bilen har vore veldig bra, og det reknar eg med dei andre vil vere også, seier Sæbø.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lekkasje

LEKKASJE: Denne lekkasjen på eksosanlegget burde vore oppdaga på EU-kontrollen.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Bransjen er positiv

Teknisk leiar hjå Autoforum, Nils Huus, har hatt ansvar for kontrollane hjå Autoforum. Han har ikkje noko i mot at Vegvesenet sjekkar kva jobb som er gjort.


– Eg har ansvaret for alle kontrollane som blir tekne hjå oss. Eg ser på dette som positivt, og eg trur vi oppnår ei meir lik vurdering på alle verkstadene når vi tek ei slik runde som dette, seier Huus.

Og også bileigar Sigvald Solås er nøgd med at bilen hans vert sjekka endå ein gong.

– Dette er heilt i orden. Dette er ein tryggleiksventil vi skal vere glade for, seier Sigvald Solås.

Han var inne med sin Toyota Avensis frå 2002 for å få sjekka at alt var som det skulle, og det var det.