Hopp til innhold

Fortvila over stengd fjellveg

Reiselivssjefen i Aurland og Lærdal er svært misnøgd med at fjellvegen mellom kommunane ikkje er opna etter gjennombrøytinga sist veke.

Fylkesveg 243 er ein turistmagnet for området,og med turistferja Gudvangen i ferjestreik er reiselivssjef Noralv Distad fortvila over at fjellvegen ikkje skal opnast før 1.juni.

- Hadde håpa på tidleg opning

- Eg er veldig fortvila, for i år hadde eg håpa på tidleg opning sidan det var så lite snø. Eg trudde dei hadde støytt på vanskar av eit eller anna slag, men akkurat no veit eg ikkje om dei har nokon grunn for å ikkje opne vegen, for dei har iallfall slutta å brøyte, og ryktet går om at vegen var gjennombrøytt for ei veke sidan.

Panoramautsyn

Den smale, svingete og spennande fjellvegen mellom Aurland og Lærdal går opp i 1300 meters høgde og gjev eit panoramautsyn over Aurlandsfjorden og Lærdalsfjorden. Men trass i ferdigbrøyta veg og lite snø er vegen ikkje blitt opna i år, trass i påtrykk frå reiselivssjefen.

- Folk er heilt fortvila

- No er alle dei andre høgfjellsvegane opna, mellom dei vegar som går like høgt som fjellvegen Aurland-Lærdal, så vi er veldig forundra over det som skjer. Folk er jo heilt fortvila, kvar dag står det bilistar på begge sider og spør om vegen er open, og vi må seie at det er han dessverre ikkje. No har vi ein situasjon der fjorden er delvis stengd på grunn av ferjestreik. Folk blir desperate etter å sjå natur og attraksjonar, vi må jobbe for å opne dei og ikkje for å halde dei stengde. Vi misser trafikk og inntekter i regionen.

- Is og fare for nysnø

Seksjonsleiar Eivind Yttri i Statens Vegvesen forstår reiselivsnæringa sitt ynskje om snarleg opning av fjellevegen Aurland-Lærdal.

- Grunnen til at vegen ikkje er opna er at det framleis er att is oppe på fjellet, og det er meldt om nysnø heilt ned i 600 meters høgde. Difor har vi ikkje våta å sette trafikk på vegen enno. Men det heile blir fortløpande vurdert, og vi tek sikte på å opne iallfall før 1. juni.