NRK Meny
Normal

Forsvaret vil ikkje heidre Milorg-sjef

Forsvaret har sagt nei til å delta under avdukinga av bysten av den omstridde Milorg-sjefen Oliver Langeland på Nordfjordeid. – Svært skuffande, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo.

Oliver Langeland

Nordfjordingen Oliver Langeland var Milorg-sjef i Oslo under krigen og vart heidra for stor krigsinnsats, men då han kritiserte landssvikoppgjeret vart han sett på nærast som ein forrædar.

Foto: Privat / Privat

John Olav Vereide leiar komiteen som jobbar for å få reist ein byste etter Oliver Langeland, eit arbeid som skulle bli langt vanskelegare enn det Vereide hadde drøymt om på førehand. Bysten skal avdukast under eit stor arrangement på Nordfjordeid den 27. juni.

Forsvaret sa først ja til å til å stille med ein offisiell representant under avdukinga av bysten, men nyleg kom det kontrabeskjed. Vereide er provosert over kontrabeskjeden.

– Det er veldig trasig at det skulle bli slik, seier han.

Per Ingvar Langeland og John Olav Vereide

John Olav Vereide (t.h.) meiner det er uforståeleg at Forsvaret ikkje vil kome til avdukinga av bysten etter Oliver Langeland. Vereide og Per Ingvar Langeland, som begge er i slekt med den omstridde Milorg-sjefen, les i den kontroversielle boka til Langeland.

Foto: Bård Siem / NRK

Ordføraren kritisk

Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo frå Venstre, er overtydd om at Forsvaret ikkje vil kome til avdukinga fordi Langeland kom med sterk kritikk mot det norske maktapparatet etter krigen.

Alfred Bjørlo

Det var eit heilt anna debattklima i mellomkrigstida og Oliver Langeland og mange andre sine haldningar er ikkje akseptable i vår tid. Men dette kan ikkje brukast mot Langeland i dag, seier Alfred Bjørlo, ordførar i Eid.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Han meinte altfor mange maktpersonar var tyskvennlege, var sterkt kritisk til landssvikoppgjeret og hudfletta Nygaardsvold-regjeringa for ikkje å gjere det norske forsvaret betre førebudd på tysk invasjon.

– Oliver Langeland var ein kontroversiell person i si samtid på grunn av sitt kraftige oppgjer etter krigen. Det er tydleg at han framleis ikkje er stoverein for Forsvaret 70 år etter krigen, sukkar Bjørlo.

Forsvaret avviser kritikken

Talsmann for forsvarssjefen, Vegard Finberg, avviser at det er Langeland sin kritikk etter krigen som gjer at Forsvaret ikkje vil vere med på avdukinga. Han viser til at det er Langeland sine haldningar før krigen som er utslagsgjevande.

Major Vegard Finberg, talsperson for forsvarssjefen

Talsmann for forsvarssjefen, Vegard Finberg, avviser at det er Oliver Langeland sin krasse kritikk mot det norske maktapparatet etter krigen som gjer at forsvaret ikkje vil delta under avdukinga av bysten etter Milorg-sjefen frå Nordfjordeid.

Foto: Forsvaret

Langeland uttrykte mellom anna frykt for at den kvite rase ville døy ut og oppmoda til fleire norske barnefødslar. Han var også veldig kritisk til abort.

– Desse haldingane er ikkje foreinelege med det vi kan godta i dag, seier Finberg.

Samtidig påpeikar han at Forsvaret heidrar Langeland sin krigsinnsats.

– Skammeleg

Arvid Bryne, som har skrive boka «Krig og sanning, Langeland-saka og landssvikoppgjeret», har tidlegare uttalt at det er skammeleg at forsvaret har bestemt seg for å boikotte avdukinga av Langeland-bysten.

Arvid Bryne

Arvid Bryne, som har skrive ei bok om Oliver Langeland, meiner det er skammeleg at forsvaret ikkje vil gje den gamle Milorg-sjefen oppreising.

Foto: Bård Siem

– Langeland sine haldningar før krigen var på ingen måte uvanlege på den tida. Ein kan ikkje bruke dette mot han i dag, seier Bryne.

Langeland gav i 1948 og 1949 ut to bøker som skapte eit frykteleg rabalder. Han gav landssvikoppgjeret det glatte lag og kom med krass kritikk mot maktpersonar som samarbeidde med tyskarane.

Oliver Langeland

I 1948 utga major Oliver Langeland, sjef for Milorg D13 under krigen, boka 'Dømmer ikke'. Det vart reist tiltale mot ham, men han vart frifunnen for straffbare ærekrenkingar. Samtidig måtte nokon av påstandane hans trekkjast attende. Her med forsvararen sin, Rolf Foss.

Foto: NTB / NTB scanpix

Sett på som ein forrædar

Etter bråket rundt bøkene vart Langeland stroken frå alle leksikon og vart av norske styresmakter sett på nærast som ein forrædar.

Det er til no samla inn 263.000 kroner til bysten av Langland, ein byste som under utarbeiding av Oslo-kunstnaren Frode Mikael Lillesund.

– Det er på tide å gje Langeland oppreising for all urett han har vore utsett for, seier John Olav Vereide.

Oliver Langeland

Oliver Langeland var sterkt engasjert i motstandsarbeid og var sjef for Milorg i Oslo under krigen.

Foto: Privat / Privat
Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå