Første NM-gull i terrengløp

Marius Vedvik er sjølv ute på Facebook og takkar alle som bidreg, etter å ha vunne gull i NM terrengløp laurdag.

Marius Vedvik

GULL: No har Marius Vedvik også terrengløp-gull i bagasjen.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

«Fantastisk med mitt første NM-gull i terrengløp i dag! Tusen takk til alle som bidrar!»

Det er meldinga frå førdianaren etter å ha vunne sitt første NM-gull i terrengløp.

Det skjedde under trekilometeren i NM i Strandebarm i Hordaland laurdag.

Vedvik vann føre Tom Erling Kårbø. Stian Aarvik vart nummer tre, og jølstringen Eivind Øygard passerte målstreken på fjerdeplass, ifølge Firda.

Vedvik har fleire NM-titlar å sjå tilbake på i baneløp.

Søndag skal Vedvik springe NM-stafett for Gular.

Marius Vedvik på Facebook

MELDING: Vedvik på Facebook.

Foto: Facebook