Hopp til innhold

Første kvinne og tidenes yngste redaktør i Firda

– Det var ein sjanse eg ikkje kunne seie nei til, seier Marie Havnen

Marie Havnen

FERSK REDAKTØR: Marie Havnen er konstituert som redaktør i Firda.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

30-åringen frå Førde inntar no redaktørstolen i ei av dei eldste avisene i fylket.

– Det vert ei stor utfordring. Det er ei stor steg opp frå å vere journalist og vaktsjef, seier Havnen, som no er konstituert redaktør i Firda.

Måndag føremiddag slo det ned som ei bombe at dagleg leiar og ansvarleg redaktør i Firda, Yngve Årdal sluttar med umiddelbar verknad . Havnen vedgår ho måtte tenke seg om då spørsmålet om å ta over kom.

– Det kom som ei overrasking. Eg måtte gå litt i meg sjølv, men kom ganske raskt til at dette måtte eg seie ja til, seier Havnen

Første kvinne

Med sine 30 år vert Havnen både den yngste redaktøren Firda nokon sinne har hatt, men også den første kvinna i redaktørstolen.

– Firda er 100 år i år, så det var vel på tide at det kom ei dame på toppen, ler den nye redaktøren.

Havnen trur den største utfordringa for ho i første omgang vert det å skulle leie folk.

– Journalistikk har eg jobba med i mange år. Det å leie folk har eg ikkje gjort tidlegare, og elles vert det nok også mange utfordringar framover, seier Havnen.

– Med dine 30 år så er du i den beste alder, men du får mange kollegaer som du skal vere sjef for som er litt eldre enn deg?

– Det vert litt uvant, kanskje meir for dei enn for meg, ler Havnen.

Byrja som sommarvikar

For åtte år sidan kom Marie Havnen til Firda som sommarvikar. Ho var også seinare innom Bergens Tidende, før ho kom attende til Firda for fire år sidan, der ho har jobba som journalist og vaktsjef.

Men at førdejenta då skulle bli verande i heimbyen var ikkje sjølvsagt.

– Eg hadde vel tenkt at eg på skulle heim til Førde. Då eg var ferdig med studiane tenkte eg at eg skulle ta ein sommar i Førde før eg skulle attende til Bergen eller Oslo. Eg skulle i alle fall ikkje bu i Førde, seier Havnen.

Men slik skulle det ikkje gå.

– Det første halve året eg budde i Førde så søkte eg jobbar både i Oslo og Bergen. Det får eg vel vere glad for i dag, at det ikkje gjekk i boks, seier Havnen.

Må vere relevante

Firda og andre papiraviser har dei seinare åre vore gjennom store endringar på grunn av konkurransen frå den digitale marknaden. Kampen for å behalde lesarar både på nett og papir blir nok ikkje mindre i åra som kjem.

– Vi må heile tida jobbe knallhard for å behalde lesarar og for å få nye lesarar. Vi må og jobbe for å ha relevant journalistikk som folk er villige til å betale for, seier Havnen.