Hopp til innhold

– Forstår at folk er engstelege før verdas største fotballturnering startar

– Det er forståeleg om foreldre og spelarar er engstelege for terrortrugsmål før søndagens Norway Cup-start i Oslo, seier leiar i Sogn og Fjordane fotballkrins, Robert Endestad.

Montasje Norway Cup og Robert Endestad

Liar i Sogn og Fjordane fotballkrins, Robert Endestad, forstår at folk er engstelege etter pressekonferansen til PST.

Foto: Stian Lysberg, Scanpix/Alf Vidar Snæland, NRK

Personar med tilknyting til ei gruppe i Syria har planar om å gjennomføra ein terroraksjon i Noreg i løpet av få dagar, opplyser PST-sjefen på ein pressekonferanse torsdag.

Det er venta 30.000 deltakarar frå 50-60 land til årets Norway Cup. Frå Sogn og Fjordane deltak 51 lag med over 500 unge spelarar i alderen frå 10 - 19 år til det som er verdas største fotballturnering.

Oppmodar alle om å reise

Robert Endestad i fotballkrinsen oppmodar alle om å reise som planlagt.

– Alle blir urolege når ein får slike signal. Det er verdas største fotballturnering og det kan fort vere eit terrormål. Men eg har god tru på at PST og politiet har god kontroll på situasjonen og eg tilrår folk å følgje dei retningslinjene som blir gitte.

– Kva er di oppmoding til folk som kanskje er redde?

– Eg forstår at folk er engstelege, men at dei følgjer dei retningslinjene som blir gitt og lar ungane få deltak på verdas flottaste fotballturnering. Det er viktig å ikkje lage for mykje skremselspropaganda. Eg trur det er mest fornuftig, seier Endestad til NRK.

Norway Cup går som normalt

Generalsekretær Frode Kyvåg for Norway Cup seier til

VG

at dei førebels ikkje har heva beredskapen før fotballfesten.

– Vi har eit utmerka samarbeid med politiet og forheld oss til dei, seier Kyvåg.