Hopp til innhold

Ho jobbar som forskar over heile verda – men Valeria har ikkje tatt fly på 24 år

Ho reiser verda rundt som klimaforskar, men Valeria Schwanitz har ikkje tatt fly sidan 1995. Då ho nyleg var i Japan, reiste ho like godt med eit frakteskip.

Forskar Valeria Schwanitz

REISER MYKJE: Forskar Valeria Schwanitz bur i Sogndal, men jobbar over heile verda. For å kome seg fram brukar ho buss, tog eller båt.

Foto: Christian Blom

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Det var universitetsavisa På Høyden, som først kunne fortelje den fascinerande historia om den tyske forskaren.

Med base på campus i Sogndal reiser ho verda rundt som forskar. Ho har mellom anna vore i Russland, Japan og USA – utan å ha vore innom ein einaste flyplass.

Schwanitz ønskjer å syne for sine eigne studentar og for seg sjølv at det er fullt mogleg. I alle fall om ein planlegg godt på førehand.

– Det heile starta for min del i 1995 då eg fekk tilbod om eit studieopphald i Moskva. Det var andre som skulle ta toget dit og eg blei med. Sidan den gongen har eg ikkje reist med fly, fortel ho til NRK.

– Eit personleg val

I fjor var ho på den japanske øya Okinawa som gjesteforelesar. For å kome seg dit nytta ho seg av ein moglegheit få andre gjer, nemleg å leige ein ledig lugar på eit frakteskip.

– På grunn av teknologi og behov for færre sjøfolk, er det ofte ledig plass på skip som skal langt av garde. Eg blei godt tatt i mot om bord og det syner seg jo at sjøfolk er glad i å snakke, fortel forskaren om turen til Japan.

Slik kom ho seg også til Stanford University i Palo Alto i California i 2012. Skipet tok ho til San Francisco og derfrå er turen kort med buss til universitetet.

– Eg likar å tru at eg lever slik eg lærer, seier Schwanitz, som til dagleg underviser studentar på masternivå på Institutt for miljø- og naturvitskap i Sogndal.

Ho vil på ingen måte reise nokon peikefinger mot andre sine reisevanar. Dette er eit personleg val, forsikrar forskaren.

– Men eg vil gjerne syne at det er mogleg å reise kollektivt uansett kvar ein skal i verda.

Forskarar reiser mykje

Til og frå Sogndal brukar ho buss og på reiser rundt i Europa brukar ho tog. Lista er etter kvart lang over stadar ho har vore på jobb. Torino, Lisboa og Napoli for å nemne nokre. I jobbsamanheng varierer reiseaktiviteten i frå ein til fleire gongar i månaden.

– Det er viktig å få med at eg gjerne kombinerer desse jobbreisene med feriedagar. Det gir gode opplevingar, seier Valeria Schwanitz.

Høgskuleavisa På Høyden har sett søkelys på reisevanane til forskarar og andre knytt til høgare utdanning.

– Forskarar er blant dei som reiser mest og lengst i jobben, og dei reiser stadig meir og stadig lenger, viser statistikken. Universitetstoppane, særleg rektorane, er stadig på farten for å pleie nasjonale og internasjonale relasjonar på fjerne og nære kontinent, skriv avisa.

Blant akademikarar spreier det seg no ein kampanje om å fly mindre. Med emneknaggen #flyingless vil dei syne at kanskje ikkje er naudsynt å fly i mange timar for å halde eit innlegg på ti minuttar på ein konferanse.

Laster Twitter-innhold