– Tida er inne for å tvinge oss til å ta gode klimaval

Sidan vi ikkje er flinke og motiverte nok til å bidra for å nå klimamåla frivillig, må tvang til. Det er konklusjonen til norske og internasjonale forskarar.

Carlo Aall

EI ENDRING MÅ TIL: Carlo Aall seier folk i studien vil endre forbruket sitt, berre politikarane hjelper til. Aall er leiar av Senter for berekraftig klimatilpassing ved Vestlandsforsking.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Som samfunn har vi ikkje noko val. Du og eg må ta støyten dersom samfunnet skal nå klimamåla.

Det meiner forskarane Carlo Aall og Karen Moberg ved Vestlandsforsking. Dei er den norske delen av eit internasjonalt forskarteam med Sverige, Tyskland og Frankrike.

Vanskeleg å skilje seg ut

I den nye studien konkluderer forskarane med at det er politisk rom for større bruk av tvang for å få forbrukarane inn i eit meir klimavennleg spor.

– Dette underbygger det ungdomane seier i klimastreiken. Det er vel og bra om ein endrar forbruket sitt frivillig, men det er naudsynt med politikk for å styre forbruket alvorleg i riktig retning.

I studien gjorde forskarane eit omfattande klimaspel med om lag 300 hushald. I Noreg var det familiar frå Bergen – både klimavenlege og klimaskeptikarar.

Familiane meiner at det å stikke hovudet fram og vere den eine som tar grep er vanskeleg.

– Å vere den eine grøne familien i gata, og å ha den eine ungen i klassen som ikkje for lov til å reise til Syden i ferien, er ubehageleg. Folk etterlyser ein politikk der miljøvennlege val gjeld alle, og ikkje nokre få, seier Carlo Aall.

Så hjelper det heller ikkje at berre nokon bidrar her og der. Ein sterk politisk eller økonomisk form for tvang som sikrar at klimaval blir kollektive handlingar, og ikkje noko ein og annan gjer frivillig, er det forskarane rår til.

– Det frivillig bidraget bringar oss berre halvvegs til dit vi må, seier han.

«Boeing og biff»

Det er ifølgje forskarane to område som skil seg ut med behov for strengare tiltak. Det er alt som går under metaforen «boeing og biff», fortel Aall.

– På fly- og kjøttforbruk trur eg vi må kombinere pisken og gulrota. Det må bli dyrare og kanskje forbode i nokre samanhengar. Så må vi byggje opp dei gode, klimavenlege alternativa som tog- og busstilbod på lange rutar der vi ofte tar fly. Miljøvenleg mat kan heller ikkje vere dyrare enn det andre. Det må vere omvendt.

Klimastreik Torgallmenningen

OPPROP FOR KLIMAPOLITIKKEN: Tusenvis av barn og unge streika fredag for ein meir aktiv klimapolitikk.

Foto: Simon S. Brandseth / NRK

Må høyre på ungdomane

Forskaren etterlyser strengare klimareglar for vanlege folk og er skuffa over at politikarane regulerer næringslivet, men ikkje forbrukarane strengt i klimaval.

– Politikarane er redde for å vere for harde på labben mot oss vanlege folk, medan verksemder går konkurs. Eg blir litt forbausa når ikkje ein gong miljøpartia innser alvoret og lyttar til kva forbrukarane faktisk seier.

Igjen trekker han fram protestane frå dei tusenvis av born og unge som streika for klimaet.

– Ungdomane vil ha politikk, og ikkje frivillig forsaking. Eg synest det er kjempemodig, og det er frykteleg viktig at politikarane høyrer nøye etter, seier Aall.