NRK Meny
Normal

Forskar vil ha legestudentane ut av sjukehusa

Rekruttering av fastlegar blir enklare om legestudentane får meir praksis ute i kommunane, meiner forskarar.

Legestudenter NTNU

UT AV SJUKEHUSA: Medisinstudentane må kome seg meir ut i kommunane gjennom utdanninga, og vere mindre i sjukehusa, meiner forskar Helen Brandstorp.

Foto: Geir Mogen / NTNU

– Dette har ikkje politikarane måtte tenkt så mykje på trur eg, seier forskar Helen Brandstorp.

Leder ved nasjonalt senter for distriktsmedisin i Tromsø, Helen Brandstorp

PROBLEM: Nyare studiar har synt at rekruttering av fastlegar er vanskelegare enn ein har trudd, seier forskar Helen Brandstorp.

Foto: Privat

Etter sjølv å ha publisert ein studie som syner at fastlegar blir verande lengst i byane, og kortast i små kommunar, meiner ho noko må gjerast for å sikre seg fastlegar i heile landet.

– Eg set det i samanheng med at vi har ei legeutdanning som er fullstendig sjukehusbasert, slik at ein vel sjukespesialitet før ein vel å bli allmennlege, seier ho, som også leiar nasjonalt senter for distriktsmedisin.

Vanskelegare enn ein har trudd

KS har nyleg også publisert tal som tyder på at det å rekruttere fastlegar til heile landet er vanskelegare enn ein tidlegare har trudd.

– Vi har alltid trudd det er lett, for vi har ei god fastlegeordning, som er ganske godt betalt i høve resten av verda. KS sine tal synte at det ikkje var så roseraudt, fortel ho.

For tala som KS har lagt fram viste at 40 prosent av kommunane slit med rekruttering. Halvparten av dei små kommunane slit, og store perifere kommunar har også vanskar med å få tak i fastlegar.

I Flora kommune sit kommuneoverlege Jan Helge Dale med ein rekrutteringskabal i fanget.

– Det har vore veldig vanskeleg å rekruttere dei siste åra. Når vi skal rekruttere fem-seks stykk no, så trur eg det blir ei kjempestor utfordring, seier han.

Treng meir praksis i kommunane

Også han er positiv til å legge om medisinstudiet, slik at allmennlegepraksis i kommunane blir ein større del av det seksårige utdanningsløpet.

Lisbeth Normann

MYTE: Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Lisbeth Normann, trur ikkje studentane gror fast i byane, men treng god rettleiing for jobbe som fastlege i distrikta.

Foto: BJORN H STUEDAL www.stuedal.no / BJORN H STUEDAL www.stuedal.no

– No er det berre ein månad i allmennpraksis, siste året i studiet. Eg trur at om ein hadde hatt lenger tid, og legg større del til allmennpraksis, så rekrutterer ein også mykje betre til det, seier han.

Erfaringane han har gjort seg gjennom eit langt legeliv i Flora støttar også opp under tanken.

– Eg opplever at folk som kjem hit og jobbar her, så likar dei seg godt, men dei veit ikkje kor godt vi har det før dei har vore her, seier Dale.

Regjeringa har også fått auga opp for at rekruttering av fastlegar kan vere utfordrande, og har sett av 30 millionar kroner til rekrutteringstiltak. Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Lisbeth Normann, trur også det er ein myte at studentane gror fast i universitetsbyane.

– Det er stor interesse frå studentane til å kome ut i kommunane, det seier fakulteta. Dersom dei får gode fagmiljø og rettleiing i kommunane, så er interessa for å jobbe der etterpå veldig stor. Men, det er eit stort ansvar å vere åleine som doktor i ein kommune, understrekar ho.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå