Hopp til innhold

Fannemel fekk bursdagspresangen han håpa på - fornya tillit på landslaget

Anders Fannemel er utteken på hopplandslaget – ei nyheit som smakte ekstra godt, servert på bursdagen hans.

Anders Fannemel i Holmenkollen

VIL FLY: Anders Fannemel er glad for fornya tillit på hopplandslaget, og håpar på fleire lange svev neste sesong.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det er ei bra bursdagsgåve. Det er for så vidt den einaste eg har fått også, men eg treng i grunn ikkje meir, seier Fannemel.

Han er på treningssamling i Trondheim, så dei store utskeielsane vert det ikkje.

Saman med Anders Bardal, Tom Hilde, Rune Velta, Andreas Stjernen og Anders Jacobsen vart han i dag utteken på herrelandslaget i hopp for neste sesong.

– Dette var eit greitt uttak, og vi gjer ingen store endringar sidan dei seks vi har teke ut er dei som over ein lengre periode har dokumentert høgast kapasitet. Eg ser fram til å komme i gang med sesongoppkøyringa, seier landslagstrenar Alexander Stökl.

Han understrekar at ein kjem til å jobbe tett med teama, og kjem til å sende utøvarar som presterer, til internasjonale oppdrag.

– Vi har mange talentfulle hopparar i teama, og dåra er absolutt ikkje låst for dei nest beste utøvarane, seier Stökl.

Glad for uttaket

– Eg har fått fornya plass på A-laget, og det er godt å få den stadfestinga, seier Fannemel.

Men uttaket kom ikkje veldig overraskande på honndølen.

– Det har vel vore klart ei stund at eg skulle få vere med vidare, men det er no det er offentleg. Eg har ambisjonar om å bli verdas beste skihoppar, og då er det viktig å vere med vidare på A-laget, seier Fannemel.

Han er allereie i full gang med planane for satsinga mot neste sesong.

– Det blir mykje av det same. Eg må utvikle meg som hoppar og jobbe vidare med det eg er for dårleg med, samt bli betre i det meste, seier Fannemel.

Han har heilt konkrete tankar om kva han ønskjer å bli betre på.

– Det er tekniske utfordringar, spesielt i tilløpet, som går på rytme. Eg treng meir rytme og ein meir stabil tilløpsposisjon som gjer at eg kan få brukt beina meir i alle hoppbakkane. Det er ei stor utfordring, seier Fannemel.

Vil ha toppresultat neste sesong

Han er klar på kva han var nøgd med frå sesongen som gjekk.

– Eg er veldig nøgd med at eg klarte å jobbe meg inn til gode prestasjonar i kanskje dei viktigaste renna i vinter, som nyttårshopprennet i Garmisch og OL i Sotsji, seier Fannemel.

Han tok ein fjerdeplass i Garmisch-Partenkirchen og ein sjuandeplass i Bischofshofen i den tysk-austerrikske hoppveka.

I OL i Sotsji vart han nummer fem i storbakken og nummer 15 i normalbakken. Han var også med i lagkonkurransen, der Norge vart nummer seks.

– Eg føler eg fekk det til ganske bra, men eg mangla det aller siste. Eg har ikkje hatt nokon pallplasseringar i det siste. Det hadde vore herleg å fått til fleire toppresultat i neste sesong, seier Fannemel.

Ser fram til å fly

Årets sesong er kanskje hakket mindre spennande enn den førre, men Fannemel peikar på at det likevel er mange høgdepunkt.

– Det er VM i Falun, hoppveka og litt fleire skiflygingsrenn, seier Fannemel.

Det siste likar han spesielt godt. For honndølen likar store bakkar.

– Eg gler meg mest til skiflygingsrenna. Det er lenge sidan eg har floge skikkeleg. Eg må prøve å bli klar til det, seier Fannemel.