Norsk Aller ville nekte eigarane i Eurofoto å ta ut eit utbyte på tre millionar kroner. Grunnen er at Norsk Aller har gått til retten for å få gjort gjeldande ein avtale om å overta 34 prosent av aksjane i Eurofoto, og er difor imot at det blir betalt utbyte fram til dette er avgjort.
Eurofoto nektar å gå med på gi aksjar til Aller. Striden om aksjane kjem opp i Oslo Tingrett i neste månad.