Det var tysdag sosial- og helsedirektoratet overleverte arbeidet sitt til helseminister Dagfinn Høybråten. Rapporten tek opp eit veksande helseproblem i Norge; korleis ein kan førebygge og behandle overvekt.
Meir forsking
I rapporten blir det peika på at det må forskast meir på fedme, og at kompetansen om emnet blant helsepersonell må bli betre.
Førde sentralsjukehus var lenge det einaste sjukehuset i landet som utførte fedmeoperasjonar, og overlege Villy Våge forventar at deira kompetanse blir brukt i prosessen framover.
Ventelistene for fedmeoperasjonar er lange, og kirurgane på Sentralsjukehuset har lenge kjempa for at fleire skal få tilbod om ei slik behandling.
Nasjonalt kompetansesenter
Henriette Øyen seier tilbodet må utvidast, og ho fortel at dei skal vurdere om dei bør etablere eit nasjonalt kompetansesenter om overvekt.
Øyen seier eksisterande fagmiljø som det i Førde må utnyttast i ei nasjonal kompetanseheving.
Men direktoratet ser ikkje på fedmeoperasjonar som løysinga på problemet – haldningsendringar og ikkje minst førebygging blant born og unge er minst like viktig. Rapporten er omfattande, og no skal tiltaka som er føreslått diskuterast i Helsedepartementet.