Drapet på den 22 år gamle Anne Slåtten har rysta dei vel 11.000 innbyggjarane i småbyen Førde. På same tid som mange føler seg uttrygge på at ein mordar kan gå laus i byen, har seljarar tilknytta Falken vore på dørene til folk for å tilby tryggleiksalarmar. Dette både same dag og dagane etter at Anne Slåtten vart funnen drepen.
Mange NRK har vore i kontakt med er opprørte over seljarane. Ingen ville stille opp til intervju, men fleire av dei NRK har snakka med gir uttrykk for at dei meiner dette er kynisk.
Skjønar at folk reagerer
Tom Erik Hjelle som sel tryggleiksalarmar for Falken, seier tidspunktet er tilfeldig og var planlagt for fleire veker sidan. Sjølv om tidspunktet er tilfeldig har Hjelle forståing for at folk synest det kan vere upassande og virke kynisk å drive sal av tryggleiksalarmar, medan innbyggjarane står midt oppe i drapssak.
Til tross for reaksjonane kjem ikkje dei fem seljarane som reiser landet rundt til å trekkje seg ut av Førde før oppdraget er fullført.