I grunngjevinga til den internasjonale juryen heiter det at Førdefestivalen er eit godt døme på ein festival som held høgt nivå og har kunstnarleg og kunstfagleg integritet.
I tillegg til Førdefestivalen, blei det også delt ut prisar til fire ulike festivalar frå Polen, Spania, Ukraina og Nederland.
Dei fem festivalane representerer ei stor breidde med alt frå verdsmusikk og dans til litteratur, samtidskunst og eksperimentell popmusikk.
I utgangspunktet var det heile 705 ulike festivalar som kjempa om den internasjonale heideren. I sommar blei det kjent at Førdefestivalen saman med Festspillene i Bergen, var blant dei 24 nominerte festivalane som var med i finaleheatet. Torsdag kunne Førdefestivalen gle seg over at dei saman med fire andre festivalar har nådd heilt til topps.
Det er festivalorganisasjonen EFFE, Europe for Festivals Festivals for Europe, som står bak kåringa. I samband med prisutdelinga blei det streka under at kulturelt samarbeid over landegrensene i dag er viktigare enn nokon gong.
– Viktig anerkjenning
– Det å få ei slik utmerking og den anerkjenninga det inneber, er heilt fantastisk. Det viser at me gjer noko rett og at det blir lagt merke til utover Sunnfjord og Noreg, seier direktør Per Idar Almås for Førdefestivalen til Nynorsk pressekontor.
Han opplever den internasjonale heideren som ein viktig motivasjon for å stå på vidare og håpar og trur at den internasjonale anerkjenning i framtida kan opna nye dører for Førdefestivalen.
Også forgjengaren til Almås, Hilde Bjørkum, som no er kommunaldirektør i Sunnfjord kommune, gler seg over at Førdefestivalen har nådd heilt til topps i den internasjonale kåringa.
– Det er både veldig gledeleg, men også litt overraskande sidan det var mange om beinet og svært høgt nivå. Eg synest difor både festivalen, kommunane, alle frivillige og alle dei som har vore med å sponsa og støtta opp om Førdefestivalen har god grunn til å vera nøgde, seier ho.
Ranka høgt blant festivalane
Det er ikkje første gongen Førdefestivalen blir lagt merke til internasjonalt.
– Ulike musikktidsskrift og National Geographic har tidlegare rangert Førdefestivalen blant dei beste festivalane i Europa og i verda. Førdefestivalen har også vore på lista til The Guardian over dei ti beste festivalane, så me har vore ranka høgt fleire gonger, seier Bjørkum
Frå kommunen si side meiner ho no det er viktig at ein støttar Førdefestivalen vidare slik at festivalen kan halda fram med kvalitetsarbeid.
(NTB-NPK)