Det vart aldri nokon reell kamp i Førdehuset sundag. Til det vart nyopprykka Halden altfor svake. Førde-trenar Frank Kalstad har difor ikkje fått skikkeleg svar på kor gode Førde verkeleg er - sjølv etter to 3-0-sigrar i sesongopninga.
- Tok for lett på østfoldingane
Oppleggar Tor Kristian Kvammen er blant dei spelarane som verkeleg tok ansvar på Førde-laget. Kvammen gjorde ein sterk innsats i å bryte opp blokka til Halden. Ein annan spelar som markerte seg sterkt var kantspelar Nils Numme. Han vedgår at førdespelarane kanskje tok litt lett på østfoldingane.
Førde møter Dragvoll i Trondheim neste laurdag.