Hopp til innhold

Førde vann volleyballfinalen

Det vart ein spennande cupfinale mellom volleyballherrane til Førde og Nyborg. Til slutt var det Førde som kunne løfte kongepokalen over hovudet.

Etter fire sett var stillinga 2-2. Det femte settet vart nervepirrande etter at Nyborg tok leiinga. Men Førde hang seg på, og det vart svært jamnt mot slutten og det var ei fantastisk kampavslutning med 19-17 til heimelaget.

Uavgjort etter fire sett

Kampen starta med at Førde vann det første settet 25-19, medan Nyborg drog i land det andre. Settsifra her vart 25-18.

Også det tredje settet gjekk i bergensarane sin favør med sluttsifra 25-27.

Laga fulgte kvarandre tett, men Førde vann det fjerde settet. Dermed var stillinga 2-2 og laga måtte spele eit femte sett.

– Ubeskriveleg

Med siger i dag klarte Førde å gjenta bragden frå 2007 då dei også vann cupfinalen.

Dette var første gong at Førde spelte ein cup-finale på heimebane. Hallen i Førdehuset var fylt opp av over 1500 elleville publikummarar som laga stor stemning.

Leiar i Førde volleyballklubb, Sindre Roska, er strålande nøgd med sigeren.

– Dette er heilt ubeskriveleg og heilt fantastisk. Dette er verdt alle timane med arbeid og trening, seier ein rørt Roska.