Hopp til innhold

No vil Mantas bli buande i Førde

Etter at han kom til Førde for å spele volleyball, har Mantas Belaglovis forelska seg i Sunnfjord. Med cupgull mot Nyborg, vil han gjerne bli her karrieren ut.

Mantas Belaglovis

NORSK CUPMEISTER: Mantas Belaglovis spelte ei viktig rolle då Førde vann NM-gull på heimebane.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

- Eg hadde aldri trudd at det skulle komme så mykje folk og sjå på oss. Eg kan ikkje hugse sist eg hadde det så bra som no, seier Mantas Belaglovis.

Vil spele for Førde i mange år

Midtspelaren frå Litauen kom til Førde framfor sesongen, og hadde nok ikkje drøymt om å få med seg NM-gull allereie i sin første sesong med klubben.

Etter kampen takka han publikum for hjelpa, og lova samstundes å halde fram på laget - iallfall i fem år...

- Eg har fått meg jobb her, og har planar om å bli her om alt går bra. Eg har ingenting imot å bli i Førde livet ut - vi trivast godt her, seier Belaglovis, som har kone og son med seg i Førde.

- No har eg lyst til å spele for Førde så lenge eg kan, gliser han etter å ha fått ein bit av sigerskaka i Førdehuset.

- Største kampen eg har spelt

Førde halte sigeren i land med 3-2, etter at det vart svært så dramatisk med matchballar til begge lag i det femte settet. Først på 19-17 vart det klart kven som kunne heve kongepokalen over hovudet.

Dermed kan også Lars Fredrik Tvinde smykke seg med tittelen norgesmeister - slik pappa og no hjelpetrenar Jan Egil Tvinde gjorde i 2007.

- Sjølv etter å ha fått det litt på avstand, er det ei heilt sjuk kjensle. Dette er den største kampen eg har spelt, seier Tvinde junior.

(Artikkelen held fram under biletet)

Mantas Belaglovis i duell ved nettet med Kåre Morken

TETTE DUELLAR: Mantas Belaglovis i duell med Nyborg-oppleggjar Kåre Morken.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

To spelarar tok 20 poeng

Han vart som libero tidleg plukka ut som eit servemål for Nyborg, men løyste oppgåva på ein god måte.

- Det er fint å ha fått det gullet som pappa har, gliser han.

- Men det var ikkje lett å vere libero i dag, det må eg innrømme, seier Tvinde.

LES OGSÅ:

Nils Numme vart kåra til finalens mest verdifulle spelar. Kantspelaren banka inn 20 poeng for Førde - like mykje som Geir Eithun på den andre kanten. Kristoffer Sundal plukka heile 18 poeng frå sin posisjon i midten.