Hopp til innhold

Følg cupfinalen mellom Førde og Nyborg direkte no

Følg det spennande oppgjeret mellom dei to beste volleyball-laga i Norge. Førde vann det første settet 25-19.

Video Cupfinale Førde - Nyborg

SJÅ KAMPEN DIREKTE: Klokka 16 startar cupfinalen mellom Førde og Nyborg. Sjå kampen her.

Det første settet var jamnt, men på slutten drog Førde frå. Det andre settet vann Nyborg 25-18.

Tredje settet vart også veldig jamnt, men det vart til slutt Nyborg som kunne dra dette i mål. 25-27 vart resultatet her.

Det fjerde settet klarte Førde i dra i land med settsifra 25-19. Dermed er stillinga 2-2 og det er klart for eit femte sett. Dette vart eit nervepirrande sett som Førde tilslutt vann 19-17. Dermed er Førde-herrane cup-meistrar.

Det er Førde og Bergens-laget Nyborg som møtast i cupfinalen som starta klokka 16.

Geir Opseth og Rune Fossum

FØLGJER KAMPEN: Geir Opseth og Rune Fossum kommenterer kampen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det er aller første gong at Førde spelar ein cupfinale på heimebane, og mykje publikum har møtt fram for å følgje kampen. På førehand var det seld over 1000 billettar og i går kveld vart det snekra ekstratribunar.

NRK-reporter Rune Fossum kommenterer kampen saman med ekspertkommentator Geir Opseth. Dei fortel om ei elektrisk stemning i Førdehuset der kampen blir spelt.

– Dette må vere noko av det «galnaste» vi har hatt i volleyball-samanheng, seier Opseth.

Publikum på cupfinalen i Førdehuset

Elevar frå Sunnfjord folkehøgskule har pynta seg føre kampen i Førdehuset.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK