Hopp til innhold

Nok eit Førdetap – utespelar måtte i mål

FØRDE (NRK): Raudt kort på troppens einaste keeper resulterte i eit 4-1-tap då Vålerenga 2 gjesta Førde Stadion i 2. divisjon.

Kristoffer Iversen mellom stengene til Førde

UVAND KEEPER: Kristoffer Iversen steppa inn då Christian Bjerke fekk raudt kort.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det var veldig spesielt.

Det fortel Kristoffer Haaland Iversen. Då Førde-keeper Christian Bjerke vart utvist etter 27 minutt i kampen mot Vålerenga 2, måtte midtbanespelar Iversen ta på seg keeperdrakta. Det sat nemleg ingen reservekeeper på benken.

– Eg har stått i mål for moro på trening, men ikkje i kampsituasjon, fortel han etter kampen.

– Gjorde så godt eg kunne

Før situasjonen hadde Rino Falk Larsen allereie sendt Vålerenga 2 opp i ei 1–0 leiing. Iversen si første oppgåve i keeperdrakta var å forsøke å redde straffesparket Vålerenga 2 fekk i samband med det raude kortet.

Christhian Aarbogh Bjerk får raudt kort.

RAUDT KORT: Christian Aarbogh Bjerk vart utvist etter 27 minutt.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Straffespark skal vere mål, så det var lite eg kunne gjere med det, seier Iversen. Straffa frå Herman Stengel gjorde at laget frå Oslo leia 2–0.

– Vi kjem dårleg ut og får eitt raudt kort som gjer det vanskeleg for oss, men eg tykkjer at vi står bra i mot i andre omgang. Vi jobbar greitt og legg oss ikkje ned. Eg gjorde så godt eg kunne, fortel den ufrivillige keeperen.

Vifs Herman Stengel takkar "reservekeeper" Kristoffer Iversen for kampen.

STENGEL DOBBEL PÅ KEEPER-IVERSEN: Vålerengas Herman Stengel overlista 'reservekeeper' Kristoffer Iversen to gangar.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Førde-trenar Julian Madsen seier at dei ikkje har ein reservekeeper for tida. Derfor mått Iversen i mål.

– Vi har slite med reservekeeper etter at Simen Lillevik reiste til Stabæk. Det hadde vore godt med keeper, men Iversen gjer faktisk ein god jobb bak der og skal all honnør for å ta opp hansken i ordets rette forstand, seier Madsen.

Innsatsen til Iversen til trass, kampen enda til slutt med 4-1-tap, etter nok eit mål av Herman Stengel og eit frå Sander Pettersen . Vegard Savland scora Førde sitt einaste mål.

– Vanskelegare for kvart tap

Tapet gjer at Førde står med null poeng på dei siste fem kampane. Totalt har dei sloppe inn heile 19 mål. Det gir nesten eit snitt på fire mål i mot kvar kamp. Opp til trygg plass på tabellen har det no blitt 13 poeng. Førde-trenaren innrømmer at situasjonen er vanskeleg.

Førde-trenar Julian Madsen

NEKTAR Å GI OPP HÅPET: Førde-trenar Julian Madsen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Ein kan alltids snu det, men det blir verre og verre for kvart tap. Men vi kan ikkje grave oss ned og vi kan ikkje gi oss. Vi er framleis motiverte og legg ned hardt arbeid på trening. Vi må jobbe med oss sjølv og få den første sigeren, den blir ekstremt viktig for oss.

Men det ser unekteleg stygt ut?

– Ja det ser tøft ut, men ingenting er umogleg. Så lenge det er teoretisk sjanse så skal vi gjere alt vi kan for å klare å berge plassen, seier Madsen.

Frå vondt til verre for Førde-spelarane som deppar over nok eit tap i 2.divisjon.

VANSKELEG SITUASJON: Førde-spelarane deppar etter det femte strake tapet.

Foto: Oddleif Løset / NRK