Hopp til innhold

Førde rota det til i viktig kamp

Det vart ingen god dag for Førde då dei tapte ein viktig kamp søndag.

Frank Kalstad

IKKJE NØGD: Trenar Frank Kalstad seier laget slit mentalt med å avslutte setta.

Foto: Rune Fossum

– Vi kan ikkje vere nøgde med dette, seier trenar Frank Kalstad.

Kampen mot Kristiansund enda med 3-1-tap. Trenaren seier det var ein kamp dei burde vunne 3-0.

– Det første settet vann vi klart, og i andre og tredje settet leia vi i starten. Men i begge setta klarte vi på finurleg måte å rote det til mot slutten. Då vi kom til det fjerde settet virka det som om laget hadde gitt opp.

Dette var ein kamp som var viktig med tanke på sølvplassen. Laurdag vann Førde 3-0 mot Oslo Volley og sikra seg viktige poeng. Nyborg leiar serien suverent og er umoglege å slå. Førde ligg framleis på 2. plass, men Randaberg ligg bak med tre færre poeng.

– Det er for lite til at vi kan vere heilt trygge.

Viktig spelar skadd

Mantas Belaglovis

TRAKKA OVER: Mantas Belaglovis måtte ut med skade i første settet.

Foto: Rune Fossum / NRK

Trenaren seier at laget er ungt og spelarane må lære seg å ta ansvar.

– Dei slit mentalt med å avslutte setta. For i starten var det bra, før vi rota det til. Om ikkje anna er det god læring i det.

I dagens kamp måtte Mantas Belaglovis ut i første settet etter å ha trakka over.

– Det var synd, for laurdag var han vår desidert beste poengplukkar. Eg håper det ikkje er veldig alvorleg. Kristoffer Sundal skulle eigentleg sitje på benken, men måtte innpå trass i at han slit med ei vond skulder.

Ung spelar fekk prøve seg

Bjarne Nikolai Huus

UNGT TALENT: Bjarne Nikolai Huus fekk rolla som libero under dagens kamp.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

15-åringen Bjarne Nikolai Huus fekk kom innpå som libero i løpet av kampen.

– Han er svært uefaren på dette nivået, så ut frå det gjorde han ein kjempejobb. Han er meget ung og lovande.

No veit trenaren kva dei dei skal trene på framover.

– Spelararne må tørre å ta ansvar når ting dreg seg til. Utover det spelte vi greitt nok.

No er det to veker spelefri før dei møter serieleiar Nyborg i den siste kampen for sesongen. I den kampen satsar han på at laget stiller seg i angrep.

– Det kan hende det går bra. Vi bør slå Nyborg, men har verken Geir Eithun, Jonas Kvalen og Lars Fredrik Tvinde med oss.