Hopp til innhold

Førde-ordføraren si gåve til P3-Ronny

FØRDE (NRK): Førde sin store son har bursdag, og ordførar Olve Grotle (H) har kjøpt inn gåve. Den overraska han Ronny Brede Aase med direkte i hans eige program i dag tidleg.

Førde-ordførar Olve Grotle avdukar Ronny sin benk i Førde

GLAD: Ronny Brede Aase vart jublande glad då han fekk vete at han no har sin eigen benk i Førde sentrum.

– Det skulle berre mangle at eg stiller opp når Ronny har bursdag, sjølv om klokka berre er sju om morgonen. Det sa Førde-ordførar Olve Grotle (H) på morgonkvisten i dag, då han gjesta Brede Aase sitt program P3-morgen.

Gåve han og Førde kommune har kjøpt inn til Ronny sin 30-årsdag er ein splitter ny benk som skal stå i den delen av parken i Førde som heiter Nynorskens skog.

– Her kan Ronny sitje og tenkje nynorske tankar, men også andre vanvettige tankar. Det er hans benk, men også andre kan jo sitje her og nye utsikta mot vakre Førde.

Les også: P3-morgen er årets radionavn

Brede Aase vart veldig begeistra over å bli overraska på bursdagen sin, og måtte bryte ut i fleire av sine notoriske latterbrøl undervegs i ordføraren sin avduking av benken.

– Dette er veldig, veldig kjekt, men også veldig rart, sa Brede Aase om gåva han fekk av ordføraren.

Olve Grotle og benken til Ronny

AVDUKING: på direkten på P3-Morgen avduka ordførar Olve Grotle benken til Ronny.

Foto: Älf Vidar Snæland

Veldig viktig for Førde

Olve Grotle fekk også spørsmål om Ronny Brede Aase er viktig for Førde, og på det spørsmålet kunne han nesten ikkje ha svart meir bekreftande.

– Absolutt alle i Førde likar Ronny og er glade i han. Vi har mange vedtak i kommunestyret som seier at han er Førde sin store son, sa Grotle spøkefullt.