Begge er sakna etter flodbølgja som råka Søraust-Asia søndag. Saman med sonen og far til barnet låg kvinna og sov då bølgja brått fløymde inn i hytta der dei budde, seier talsmann for familien, politiførstebetjent Dag Øyen.
- Kontakten mellom dei tre vart broten allereie inne i bungalowen. Sambuaren har ikkje sett noko til dei to andre sidan bølgja kom. Vatnet førde dei bort, og han makta ikkje på nokon som helst måte å halde fast i familien sin, seier Øyen.
Mange tusen sakna
Den vesle familien som bur i Stavanger, var på ferie i Phuket då flodbølgja råka søndag morgon. No er både kvinna som er oppvaksen i Førde og sonen hennar på tre år mellom dei mange tusen som er sakna.
Øyen seier at etterlysinga av dei to sakna regelmessig vert sjekka opp mot registreringar som vert gjort i Phuket.
Sambuaren får hjelp
Sambuaren til kvinna har kome seg ut av katastrofeområdet. Øyen seier han har forlete Thailand for å få heilt naudsynt medisinsk hjelp. Medan han no vert teken hand om, held arbeidet med å finne den sakna kvinna og sonen fram.
Arbeider i resturantbrasjen
Sølvi Helen Devig har budd mange år i Stavanger. Ho har studert ved Hotellhøgskulen på Ullandhaug, og er godt kjend i restaurantbransjen. Ho har arbeidd ved fleire kjende restaurantar i oljebyen.