Hopp til innhold

Førde kommune får erstatning etter kunstgrastrøbbel i Hafstadparken

Førde kommune var så misfornøgd med kunstgraset i Hafstadparken at dei saksøkte produsenten. No har dei vunne fram i tingretten.

Førde kommune krev erstatning for kunstgrasdekket i Hafstadparken, her med det gamle dekket på rull

KUNSTGRASET VART LIGGJANDE: Då Førde kommune skulle leggje på kunstgraset etter å ha installert undervarme på den eine bana i Hafstadparken, oppdaga dei at det ikkje var mogleg. Grasdekket overlevde ikkje demonteringa.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Vi er godt fornøgde med det, seier kommunalsjef i Førde kommune, Trond Ueland.

Førde kommune har hatt problem med den eine kunstgrasbana etter at dei fjerna dekket for å montere ny undervarme på bana. Dei oppdaga då at det ikkje var mogleg å leggje kunstgraset på plass att.

– Vi meiner det er på grunn av ein produksjonsfeil på kunstgraset, festeordninga fungerte ikkje, seier Ueland

Og kommunalsjefen fortel at det ikkje er uvanleg at ein tek kunstgrasdekket opp, og at difor skal vere mogleg å montere det på plass att.

Trond Ueland i Førde kommune med kunstgrasdekket dei vil ha erstatning for

INSPISERER: Her ser kommunalsjef Trond UEland på det gamle kunstgrasdekket i HAfstadparken i Førde.

Foto: Anna Gytri / NRK

Les også: Førde kommune går til søksmål mot kunstgrasleverandør.

Vil bruke det øydelagde graset på småbaner

Kunstgraset dei ikkje fekk montert, har i vel eit år lagt i store rullar i utkanten av Hafstadparken. Om avgjerda til tingretten vert ståande, har kommunalsjefen planane klare.

– Sjølv om det ikkje går an å bruke det på den store bana i Hafstadparken, tenkjer vi at det går an å bruke materialet til å leggje kunstgras på småbaner og løkker rundt om i Førde, seier Ueland.

Får tilbake 60 prosent av pengane

Førde kommune hadde behov for å få på plass nytt kunstgras med ein gong, så dei kjøpte eit nytt dekke kort tid etter bat dei oppdaga feilen. No har Sogn og Fjordane tingrett i ein dom sagt at produsenten av kunstgraset må betale 630 000 kroner til kommunen.

– Vi får tilbake om lag 60 prosent av pengane vi brukte, og det er med bakgrunn i at det øydelagde kunst grasdekket var fire år gamalt. Eg tykkjer det er rimeleg, seier Ueland.

Produsenten det gjeld heiter Desso Sports, og er ein stor internasjonal leverandør av kunstgrasbaner. Tidlegare har NFF uttalt seg kritisk om selskapet. Dei har sagt at dei har fått mange klager på Desso Sports. Selskapet har ikkje lenger kontor i Norge.

NRK har vore i kontakt med Desso Sports sin advokat. Han ønskjer ikkje å kommentere saka.

Har rekna med å få erstatning

I Førde kommune har dei vore så sikre i si sak at dei har budsjettert med at dei kjem til å få pengane tilbake, slik tingretten no meiner dei skal få.

– Dette er ikkje pengar vi får inn, for det skal jo erstatte pengar vi allereie har brukt på eit nytt dekke. Vi hadde rekna med å få desse pengane, seier Ueland.