Førde er cupmeistrar

Det såg stygt ut, men etter fem sett kan Førde likevel heve Kongepokalen i Ekeberghallen. Årets cupfinale mot erkerival Viking vart ein thriller av dei sjeldne. Førde tok første sett 25-22. Viking tok dei to neste, før Førde sytte for balanse i rekneskapen med siger i fjerde sett. Siste og avgjerande sett enda 17-15 til Førde.

Mathias Berntsen og Førde volleyballklubb jublar over cupgull.
Foto: Elisabeth Viken