Hopp til innhold

Førde - Sogndal på nett-tv

Når fylket sine to beste fotballag brakar saman til cupkamp kan du følgja det gratis på nett-tv.

Video Førde - Sogndal

Cupoppgjeret Førde - Sogndal ser du her frå onsdag klokka 18.

- Her blir det garantert ikkje snakk om noko undervurdering frå vår side. Vi håpar dette kan bli ein flott publikumskamp, ein skikkeleg fotballfest for heile fylket. Det er trass alt dei to beste laga i Sogn og Fjordane som møtest, og så lenge vi ikkje er i same divisjon går det ei stund mellom kvar gong vi møtest til offisell kamp, seier Sogndal sin keepertrenar Terje Skjeldestad.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Brødreduell

Onsdag klokka 18 møter han laget til veslebror Vegard Skjeldestad i 2. runde i norgesmeisterskapen i fotball. Førde flyg høgt etter ein god start i 2. divisjon, medan Sogndal har hatt sine innkøyringsproblem i divisjonen over.

Kampen kan du sjå gratis på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider, kommentert av Arve Uglum og Jon Navarsete.

- Lokalt i fylket er dette årets fotballkamp. Skal Førde kome på talefot med Sogndal må det nesten skje no. Difor vel vi å satse på denne kampen, sjølv om vi vanlevis ikkje gjer det så tidleg i cupen, seier distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane, Rolf Sanne-Gundersen.

Varslar endringar

Førde-trenar Knut Erik Folland varlsar ein del endringar etter forrige seriekamp, men det er ikkje fordi denne kampen er nedprioritert. I første runde av cupen vann sunnfjordingane 6-1 over Fjøra i Sognehallen .

- For oss er dette ein viktig referansekamp. Dei som er 100 prosent friske skal spele, men vi må sjå an kven som er heilt klare, seier han.

Vegard og Terje Skjeldestad

Brørne Vegard og Terje Skjeldestad står i kvar sin leir når Førde og Sogndal møtes i cupduell.

Foto: Rune Fossum/Oddleif Løset

Førde: Ole Henrik Gulliksen, Kim Tangedal, Øystein Vetti, Elmar Dan Sigthorsson, Eirik Flatjord, Christer Husa, Thor Jørgen Spurkeland, Ruben Holsæter, Sander Solvik, Tor Erik Nygård, Bernt Norevik.

Benken: Steinar Tenden, Vegard Skjeldestad, Tor Are Dvergsdal, Jan Inge Dvergsdal, Roger Kandal, Thomas Fjørstad

Sogndal: Joseph Bendik, Per Egil Flo, Even Hovland, Lars Grorud, Isak Scheel, Henrik Furebotn, Ole Jørgen Halvorsen, Elvis, Barry Kader, Espen Olsen, Joakim Rudolfsen.

Benken: Piotr Leciejwski, Gustav Valsvik, Eivind Daniel Røed, Tommy Øren, Håvard Flo.