Hopp til innhold

Førde knuste Fjøra i cupen

For første gong sidan 2001 er Førde vidare til 2. runde i NM-cupen.

Ruben Holsæter blir gratulert etter si første scoring.

Ruben Holsæter blir gratulert etter si første scoring.

Foto: Oddleif Løset

I Sognahallen viste 2. divisjonslaget frå Sunnfjord seg som det sterkaste laget og vann til slutt 6-1 over Fjøra.

- Vi var bra, men etter 2-0 la vi oss ned på deira nivå og dei fekk kome til sjansar. Elles tykkjer eg vi hadde bra balltempo, meiner Ruben Holsæter som var involvert i alle dei tre første måla - før han vart bytta ut etter kring timen.

Kai-Henry Haugen får gult kort.

Kai-Henry Haugen brukte albogen i duell med Kim Tangedal og får eitt av fire gule kort som vart delt ut i kampen.

Foto: Oddleif Løset

Bytta ut etter scoring

Det første sette Tor Jørgen Spurkeland inn på straffespark etter at Holsæter vart lagt i bakken. Då var kampen knapt kvarteret gamal. Seks minutt seinare vende same Holsæter vekk ein motsandar og lempa ballen i lengste hjørne for Fjøra-keeper Leif Lysne. Fire minutt seinare tusla han Holsæter av bana.

- Meininga var å spele så lenge vi trengde det. Vi har brei og fin stall og blir ikkje svekka ved å spare på spelarar, seier Holsæter.

Nøgd Folland

Førde viste seg divisjonen og vel så det kvassare enn vertane frå divisjonen under. Kim Tangedal på til 4-0 før Rune Støyva reduserte for heimelaget. Sju minutt etter at Øystein Bøyum entra bana for første gang på A-laget, auka han til 5-1. Sander Solvik fastsette sluttresultatet til 6-1.

- Vi opna bra 20 første minutta, men klarde ikkje halde tempo ut omgangen. I andre omgang får vi ein del rom og ein del overgongar. Litt rusk er der til tider, men heldigvis klarer vi oss utan skader, seier Førde-trenar Knut Erik Folland.

Fjøra gjer det vanskeleg

- Fjøra ligg kompakt og tett og gjer det vanskeleg for oss, seier han og likevel er godt nøgd med eigne disiplar sin innsats og gjennomføring av kampen.

- Vi er ikkje vande med så tett kampprogram. Allereie laurdag står Åsane for tur, så vi valde å la andre få sleppe til. Og dei gjorde det bra, held Folland.

Årets oskeladd?

Fjøra-trenar Jan Rune Årøy meiner banespelet var jamnare enn resultatet viser. Alt i alt tykkjer han Fjøra klarde seg "greitt".

- Men Førde er tøffare framfor begge måla, seier han. Dermed er det Førde som kan halde fram cupspelet. Medan Folland seier ja takk til Sogndal på heimebane, ynskjer Holsæter Tippeligamotstand i neste runde. Og kanskje er det Førde som blir årets "oskeladd".

- Kanskje det? Ein veit aldri. Cup er jo cup, gliser han.