Hopp til innhold

Konkurransen vart for tøff for Kjerpeset

Det vart ein sjuande plass på Øyvind Strømmen Kjerpeset (21) i laurdagens finale på 400 meter hekk under U23-EM i Finland.

Øyvind Strømmen Kjerpeset

INGEN MEDALJE: Øyvind Strømmen Kjerpeset var svært offensiv etter semifinalen, og såg ingen grunn til å vere nøgd med femte plass. Med tida 50,01 hamna han på nest siste plass av dei åtte løparane i finaleheatet.

Foto: Thore-Erik Thoresen

Kjerpeset nådde i går sesongmålet sitt då han tok seg vidare til finalen, men sa då at han hadde store planar om å klare å ta medalje. Det klarte han ikkje, og hamna som nummer sju av dei åtte løparane i finaleheatet.

Men med nok ei god tid heng ikkje 21-åringen med hovudet. Han sprang nemleg endå fortare i finalen med tida 50,01, ni hundredelar betre enn tida frå semifinalen.

– Eg er veldig nøgd. Eg gjer mitt livs beste løp i ein finale, og endå ein gong har eg ei god tid, seier Kjerpeset til NRK.

Gjorde jobben godt

Florøværingen seier det sjølvsagt er synd at han ikkje klarte å ta medalje, men at så lenge han utfører arbeidsoppgåvene på ein god måte er han nøgd med innsatsen.

– Hadde eg gjort eit dårleg løp hadde eg vore midnøgd, men eg heldt hovudet kaldt i ein pressa finalesituasjon. Eg må ta med meg det positive, seier Kjerpeset.

Vinnaren var serbiske Emir Bekric. Han sprang i mål på tida 48,76. Det er godt over eit sekund betre enn tida hans frå semifinalen som var 49,83.

Vil prøve å nå VM-kravet

For Kjerpeset sin del er planen no å ta det med ro nokre dagar. For å springe 400 meter hekk tre gonger på tre dagar, det er tungt. Men så er det tilbake til jobb igjen.

– Eg er berre tre hundredelar unna VM-kravet, og det er to veker til det kravet går ut. Så eg må sjå framover og prøve å finne eit stemne der eg kan prøve å nå det kravet, seier han.

VM-kravet er på 49,60.