Hopp til innhold

Dette tårnet skal gjere vintervegen tryggare

TYIN/ÅRDAL (NRK): Den komande vinteren vil skrive seg inn i historiebøkene. Etter fleire år med testing blir ein norsk vinterveg for første gong sikra med eit system som automatisk løyser ut snøskred.

Nytt system skal sikre kontrollerte skred på fylkesveg 53 Årdal-Tyin

SIKRAR SEG FOR VINTEREN: Her blir eitt av til saman 14 tårn montert over fylkesveg 53 mellom Årdal og Tyin.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

– Dette er kjempeviktig for tryggleiken. No vil vi eliminere dei største rasfarane på strekninga, og intensjonen er at vegen skal vere mindre stengt, seier prosjektleiar Edvin Rye i Statens vegvesen.

Han viser stolt fram dei fastmonterte tårna i fjellsida over fylkesveg 53 mellom Årdal og Tyin. Fjellovergangen mellom Indre Sogn og Vang i Oppland er ein av dei mest rasutsette i landet.

Stadige ras, både store og små, gjorde sitt til at fjellvegen vart valt ut til å vere først ut.

– Vi har ingen å miste. Verken vegfarande eller folk som jobbar langs vegane.

Sprengladningar skal sikre bilistane

Denne veka er det lite og ingenting som minner om vinter på fjellovergangen. Men når snøen først kjem, blir den fort farleg.

Kvar vinter er vegen stengd på grunn av både ras og rasfare, mange netter er forholda så utrygge at Vegvesenet ikkje torer å la trafikken gå fritt.

Men denne vinteren er håpet at ting skal bli annleis. For aller første gong i Norge er eit system som skal utløyse kontrollerte snøskred ved hjelp av sprengladningar på plass. Teknologien har vore testa ut gjennom fleire vintrar.

– Denne forma for skredsikring er veldig kostnadseffektiv samanlikna med tradisjonelle tiltak, som overbygg, vollar og tunnelar, seier dagleg leiar i Wyssen Norge, Stian Langeland.

Eit nytt system skal trygga vintervegane våre mot snøskred. Når skredfaren aukar, skal nye fastmonterte tårn utløysa kontrollerte ras.

FRAMTIDA: Slike tårn kan det bli fleire av langs norske vegar. Med sprengladningar vil Vegvesenet no kunne løyse ut kontrollerte skred. Sjå TV-saka her.

Vil ha mange, men små ras

Sikringsmetoden er mykje brukt i både Sveits og Austerrike, der hundrevis av tårn sikrar tryggleiken ved både vegar, jernbane, skianlegg og busetnad.

Først ut for sikring i Norge er altså vel sju kilometer langs fylkesveg 53 mellom Årdal og Tyin. Her er det no plassert 14 tårn som til vinteren blir fylte opp med sprengladningar.

– Utover vinteren følgjer vi med på snøforholda dagleg. Når vi ser at det kan oppstå ein kritisk situasjon for tryggleiken på vegen, så aukar vi beredskapen og løyser ut dei farlege snømassane, forklarar Langeland.

– Tanken er at vi med denne løysinga kan løyse ut skred ofte, og dermed få små ras slik at det ikkje får byggje seg opp til å bli store ras, seier Rye.

– Kan sikre fleire vegar

Prosjektet har ein prislapp på 25 millionar kroner. Det er berre ein liten brøkdel av kva det ville kosta å bygge tunnel på strekninga.

Langeland er overtydd om at løysinga er så kostnadseffektiv at den vil bli brukt også langs andre rasutsette vegar i Norge i åra framover.

– I staden for å bruke store summar på enkeltprosjekt, kan ein sikre mange fleire vegar for same summen, seier han.

Wyssen snøskredtårn

SLIK VIL DET FUNGERE: I denne videoen kan du sjå korleis eit snøskredtårn vil fungere i praksis.