Hopp til innhold

Kommunar manglar informasjon til folk i naud

Fleire kommunar tilbyr lite eller ingen informasjon til menneske som er utsette for vald og overgrep.

Krisesenter heimesider

I EIN KRISESITUASJON: Det er viktig at informasjon om krisesentertilbod er lett å finne, sidan folk som treng å nytte tilbodet ofte er i ein akutt situasjon, seier Monica Åsen Gjerald hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

– I verste fall kan det vere at folk ikkje får hjelp når dei treng det som mest, seier Monica Åsen Gjerald, som er rådgjevar hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Under eit tilsyn i 2016 var resultatet slåande. Hjå fleire kommunar er det mangelfull eller ingen informasjon om krisesentertilbod.

– For det første har kommunane informasjonsplikt til dei utsette. Konsekvensane er at veldig mange av dei som vert utsett for vald og overgrep ikkje veit kor dei skal vende seg, seier dagleg leiar ved Krisesentersekretariatet, Tove Smaadahl.

Tilsynet viste at det ikkje var lett å finne informasjon på nett hjå utvalde kommunar. Gjerald meiner at ein ikkje skal bruke mange klikk på å leite seg fram til viktige opplysningar.

– Ein må søkje mykje før ein finn informasjon, og mange stader er den avgrensa. Dette bør vera lett tilgjengeleg, sidan dei som treng å bruke tenesta ofte er menneske i ein vanskeleg situasjon.

Kommunane sit med ansvaret

Mange kommunar er truleg ikkje heilt klar over sine eigne plikter.

– I 2014 kom det ein rapport om korleis kommunane tolkar Krisesenterlova. Når det gjaldt spørsmål om kven som har ansvaret for informasjonen, meinte over 50 prosent av kommunane at krisesentera har ansvaret. Det er feil, seier Tove Smaadahl, som er dagleg leiar ved Krisesentersekretariatet.

– Tek ikkje kommunane ansvaret sitt alvorleg nok?

– Nei, vi ser mellom anna at svært mange heimesider på nettet ikkje gjev god nok informasjon, eller ikkje gjev informasjon i det heile. Vi har ingen nasjonal hjelpetelefon. Konsekvensen blir difor at folk som blir utsette for vald og overgrep ikkje veit kvar dei skal vende seg, spesielt i ein akutt situasjon, seier ho.

Tove Smaadahl

STORE PROBLEM: Vald gjev store helseskadar og problem for dei utsette. I tillegg har vald store samfunnsøkonomiske konsekvensar, seier dagleg leiar i Krisesentersekretariatet, Tove Smaadahl.

Foto: Krisesentersekretariatet

– Ikkje godt nok

NRK har undersøkt nettsidene til fleire kommunar i Sogn og Fjordane for å finne informasjon om krisesenter. Jølster kommune er blant dei som manglar informasjon. Kirstin Bruland er kommunalsjef i kommunen, og vedgår at dei har eit ansvar med å informere innbyggjarane.

– Det skal vera informasjon på nettsidene våre. Dersom det er vanskeleg å koma inn og ein må leite, så er det ikkje godt nok. Vi må sikre at lenkene fungerer og at informasjonen ligg lett tilgjengeleg, så dette er noko vi vil sjå på, forsikrar Bruland.