I 1941 hadde tyskarane kontroll over landet og styrte med hard hand. Bygginga av Flåmsbana starta i 1923. På det meste var arbeidsstyrken oppe i 500 mann, og alle tunnelane vart drivne for handmakt.
Etter den tyske okkupasjonen i april 1940 låg anleggsarbeidet nede ei kort tid, men vart deretter forsert av tyskarane. Planen var opphavleg at Flåmsbana skulle opnast med elektriske lokomotiv i 1942. Men tyskarane gjorde som dei ville, og opna bana i august 1940 med damplokomotiv. Vanleg persontrafikk starta dei med 10. februar 1941.
Roti hugsar endå då han kom til Flåm og skulle ta den aller første togturen.
– Eg hugsar alle dei rare lydane då toget starta. Det var så framandt, men eg tykte det var stor stas, seier Roti.
- Les også:
Sette ny rekord i fjor
For Roti har Flåmsbana halde fram med å vore spesiell. Han enda som jarnbanemann, og hadde heile yrkeslivet sitt på nettopp Flåmsbana. Med orkesterplass til den rivande utviklinga jarnbana i Flåm har hatt.
– Det er heilt fantastisk. Kven hadde trudd det? At det skulle bli så mange som skulle reise her. Vi får berre tru at det held fram og at det utviklar seg sunt, seier Roti.
Flåmsbana hadde i fjor 760.000 reisande, noko som er ny rekord.
– Flåmsbana er spesiell. Hadde det berre vore opp til jarnbana så hadde bana vore nedlagd i 1997. Men etter at ein tok grepet med å privatisere bana, har det berre gått oppover, seier Roti.
Er viktig for heile landet
Aurland-ordførar Noralv Distad er klar på at ei markering av 75-årsjubilanten var på sin plass.
– Flåmsbana ei fantastisk historie og har utvikla seg til eit eventyr. Det er ei perle i norsk reiseliv, seier Distad.
Han peikar på at det er viktig å ta vare på Flåmsbana.
– Den er ikkje viktig berre for oss, men for heile landet. Flåmsbana skal ha ein velfortent plass i norsk reiseliv i framtida, seier Distad.
Solvik-Olsen tok Flåmsbana for første gong
Ordføraren er glad for at ein har fått på plass eit godt samarbeid med NSB om drifting av bana.
– Vi har ei felles målsetjing om å utvikle denne, både når det gjeld materiell og anna slik at bana skal bli betre og betre, seier Distad.
Samferdsleministeren Ketil Solvik-Olsen tok Flåmsbana for aller første gong då han i dag var med på jubileumsturen.
– Det er ei spektakulær naturoppleving, og ein ingeniørkunst med den stigninga som er. Det er ikkje rart at turistane flokkar seg rundt bana, seier Solvik-Olsen.