NRK Meny
Normal

Fonnafly lovar satsing i Stryn

Med oppkjøpet av Fjord Helikopter AS vil Fonnafly Gruppa AS no satse meir mot turistmarknaden.

Helikopter

HELIKOPTERSAL: Fjord Helikopter i Stryn får nye eigarar.

Foto: Arild Solberg

– Fjord Helikopter har satsa meir på turisme enn oss, seier Sverre Underbakke som er dagleg leiar i Fonnafly.

Måndag vart det kjent at dei har kjøpt Kveen AS sine aksjar i Fjord Helikopter AS. Fjord Helikopter har hatt hovudkontor i Stryn, og omsette i fjor for 18,5 millionar kroner.

Stryneselskapet har satsa medvite på flyging for reiselivet, noko dei også har lukkast med.

– Vi har litt av det, men langt frå så mykje som Fjord Helikopter, difor meiner vi at vi kan integrere måten det har vore gjort på i resten av selskapet, seier Underbakke.

Sverre Underbakke, dagleg leiar i Fonnafly

SATSAR I STRYN: Sverre Underbakke er dagleg leiar i Fonnafly AS og no også i Fjord Helikopter.

Foto: Pressebilete

Ein epoke over

Fjord Helikopter AS har sidan etableringa i 2001 utvikla sin organisasjon til å handtere helikoptertenester retta mot turist- og reiselivsmarknaden. Sidan 2013 har lasteoppdrag og synfaringsoppdrag for statlege etatar, vore den dominerande delen av omsetninga til verksemda.

Det er entreprenørselskapet Kveen AS i Stryn som no sel seg ut av helikopterdrifta.

– Vi vil konsentrere oss om den andre drifta i selskapet, seier Jon G. Kveen Øvre-Flo som er dagleg leiar i Kveen AS.

Satsar i Stryn

I samband med oppkjøpet blir det både fleire helikopter og tilsette ved basen i Stryn, lovar Sverre Underbakke i Fonnafly.

– Fonnafly AS er eit svært desentralisert selskap, og har i dag basar i Bergen, Sand, Stavanger, Kristiansand, Torp og Sandefjord. Med ein base i Stryn kan vi styrke den satsinga vi har der, og det blir fleire helikopter frå basen, seier Underbakke.

Kveen Øvre-Flo er glad for at Fonnafly vil vidareføre satsinga i Stryn.

– Eg tykkjer det er positivt. Dersom Fjord Helikopter AS skulle utvikle seg, var ein avhengig av samarbeid med ein større aktør som kunne legge til rette for meir folk og helikopter, slik Fonnafly AS no er i ferd med å gjere, seier Kveen Øvre-Flo.