Reagerar sterkt på aust-vest analyse

Fylkesordførar Jenny Følling reagerer kraftig på at ein analyse av dei regionale konsekvensane for ny stamveg aust-vest ser bort frå ei utbygging av ferjefri E39.

Jenny Følling fylkesutvalet 7. desember 2015

REAGERER: -Dette er så urealistisk at det må leggast vekk, seier fylkesordførar Jenny Følling.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Måndag føremiddag var alt berre fryd og gammen i arbeidsmøte for kvar den andre stamvegen mellom aust og vest skal gå.

I analysane som vart lagt fram for Statens vegvesen og vegkjemparane på begge sider av fjellet, gjekk dei fleste parametrane til fordel for Hemsedalsfjellet.

Som kjent står kampen mellom Rv. 52 over Hemsedalsfjellet og Rv. 7 over Hardangervidda.

Regionale konsekvensar

Men freden blant vegforkjemparane på vestsida av fjellet vart fort broten då analysen som sa noko om dei regionale konsekvensane kom på bordet.

I staden for å peike ut ein klar vinnar, vart det lagt fram to alternativ. Eit som tek omsyn til bygging av ferjefri stamveg E39, som er til stor fordel for Hemsedalsfjellet. Og eit som ikkje gjer det, og som er til fordel for Hardangervidda.

Fylkesordførar Jenny Følling reagerer sterkt på at det eine alternativet ser bort frå ei utbygging av ferjefri stamveg E39.

– Å laga ein analyse på tvers av politiske signal er totalt uakseptabelt og politisk ikkje gangbart. Dette må dei berre legge frå seg, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp) til NRK.

– Det er klart at viss ein ser bort frå E39 og transportøkonomi så kjem Hardangervidda best ut. Men det kan tilbakevisast, for E39 skal rustast opp. Det seier Stortinget. Og det prosjektet har alle vestlandsfylka prioritert på topp. Eg er veldig overraska at ein kan legge inn eit så urealistisk scenario, seier fylkesordføraren.

Alt er fordel Hemsedal

Ho håpar at når Statens vegvesen skal konkludere, så er det dei politiske signala som ligg i botnen, og ikkje ein urealistisk analyse.

– Når alle andre parameter som er greia ut peikar i retning Hemsedal så er det veldig dumt å rote det til med eit alternativ der ein ikkje skal gjere noko med E39.

– Det er så urealistisk at det bør leggast vekk. Det er rett og slett ikkje politisk gangbart, seier Følling.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.