Hopp til innhold

Folkevalde vurderer å trasse motstanden mot storkommune

Eit knapt fleirtal av innbyggjarane røysta mot å slå saman Gloppen og Eid. Fleire kommunestyrerepresentantar vurderer likevel å røyste for.

Felles formannskpsmøte mellom Gloppen og Eid

JA ELLER NEI: Politikarane i Gloppen og Eid har fått heilt ulike råd frå innbyggjarane sine når det gjeld storkommune. I Gloppen vurderer fleire politikarar å trasse rådet frå innbyggjarane om å seie nei til storkommunen.

Foto: Silje Kristin Guddal

Når kommunestyret handsamar saka neste fredag, er Jan Asle Rustøen (H) mellom dei som hallar mot å røyste noko anna enn det knappe fleirtalet blant innbyggjarane.

– Eg har stor respekt for folkerøystinga, og er av dei som har støtta at den skulle gjennomførast. Men eg meiner folkerøystinga vart slik at den ikkje gav fleirtal verken for det eine eller det andre, seier han.

Vil røyste ja

Svein Ottar Sandal

SPLITTA: Svein Ottar Sandal og KrF blir truleg ikkje samrøystes når kommunestyret i Gloppen handsamar kommunereforma neste fredag.

Foto: Silje Guddal / NRK

Rustøen er slettes ikkje åleine om å telje på knappane ei veke etter at fleirtalet av innbyggjarane sa nei til å bli slått saman med Eid . Men det var men knapp margin. Berre 112 røyster skilde nei frå ja.

Formannskapsmedlem Bjarte Gangeskar (V) har alt bestemt seg for å halde på sitt ja-synspunkt.

– Eg har vore for samanslåing heile vegen og meiner at det er det beste for kommunen, seier han.

– I kor stor grad meiner du ein skal ta omsyn til at det trass alt var eit fleirtal som røysta mot?

– Ein skal alltid høyre på gode råd, og eg meiner at det rådet vi fekk gjennom folkerøystinga ikkje er eit godt råd og det er heller ikkje eit veldig klart råd.

Laster innhold, vennligst vent..

KrF truleg splitta

I KrF-leiren er tvilen derimot stor. Gruppeleiar Svein Ottar Sandal kan ikkje love at det nest største partiet i kommunen står samla om å følgje rådet frå innbyggjarane.

Samstundes vedgår han at det er eit dilemma å røyste på tvers av fleirtalet i ei folkerøysting.

– Ei rådgjevande folkerøysting betyr at kommunestyret skal vurdere dette ut frå heilskapen. Det er i alle fall ein del som tenkjer at det store mindretalet i Gloppen bør synleggjerast vidare i saka, seier han.

Ja-ordførar røystar nei

Magni Aa Berge, ordførar Gloppen

SEMJE: Fungerande ordførar, Magni Aa Berge (Sp), trur på eit vedtak som alle kan stille seg bak. Då blir særskilt formuleringar om bru Anda–Lote viktig.–For oss er det med brua veldig avgjerande, så vi får sjå på om det er noko vi får samle oss om, seier ho.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Sjølv om tvilen er stor blant politikarar, går det likevel mot eit nei-fleirtal også i kommunestyret. Fungerande ordførar Magni Aa Berge (Sp) var før røystedagen ihuga ja-tilhengar.

No er ho like klar på at det er uaktuelt å trasse fleirtalet blant innbyggjarane.

– Jobben med å sy saman to kommunar er kjempestor og utfordrande, og det trur eg kunne gått fint med Eid og Gloppen dersom vi hadde hatt fleirtal for det, seier ho og legg til:

– Å tvinge igjennom ei kommunesamanslåing når fleirtalet av politikarar og folket er i mot, trur eg er ein dårleg start for prosessen.