Hopp til innhold

Merkar ikkje at fleire droppar alternativ behandling

VADHEIM (NRK): Kari Ann Sleire og Torunn Gill starta nyleg eit senter for alternativ behandling. No har dei fullt opp med kundar, trass i nedgang i resten av landet.

Torunn Gill og Kari Ann Sleire på Vadheim alternative senter

GÅR MOT STATISTIKKEN: Torunn Gill og Kari Ann Sleire starta alternativt senter i Vadheim medan fleire behandlarar elles i landet legg ned verksemdene sine

Foto: Borghild Andersdotter Vevle / NRK

– Det er alle slags folk som kjem hit. Eg har nesten fullt opp allereie, seier healer Kari Ann Sleire og viser rundt i det nye behandlingssenteret.

For ein månad sidan starta ho og coach Torunn Gill eit senter for alternativ behandling i Vadheim i Sogn og Fjordane. Dei har førebels stor pågang.

Men slik er det ikkje elles i landet. Den nyaste rapporten om bruken av alternativ behandling syner ein jamn nedgang sidan 2012. Vinjar Fønnebø er professor og direktør ved Nasjonalt forskingssenter for komplementær og alternativ medisin. Han trur det kan vera fleire grunnar til nedgangen.

– Dårlegare økonomi kan ha noko å seie. Folk kuttar jo gjerne først ut ting dei kan unnvera.

I tillegg kan det verke som folk flest har blitt meir skeptiske.

– Det har vore meir debatt rundt alternativ behandling, også i negativ forstand. Folk er gjerne meir opptekne av vitskapeleg dokumentasjon av resultat.

Fønnebø understrekar at dei ikkje har spurt folk direkte om kvifor dei ikkje nyttar alternativ behandling då dei gjorde undersøkingar til rapporten.

– Så grunnen til akkurat kva nedgangen kjem av blir spekulasjonar frå vår side.

Færre kan leve av alternativ behandling

Det at fleire er skeptiske til alternativ behandling har ført til at fleire behandlarar no må legge ned verksemdene sine.

– Me har rapportar frå organisasjonar for behandlarar som viser at fleire må legge ned.

Vinjar Fønnebø

MELDER OM NEDGANG: Vinjar Fønnebø er professor og direktør ved NAFKAM og melder at stadig færre nordmenn nyttar alternativ behandling

Foto: NRK

Fønnebø trur framtida kan by på utfordringar for alternativbransjen.

– Dersom det fortset slik som det gjer i dag, kan det bety at færre kan leve av å tilby alternativ behandling.

Har tru på framtida

I Vadheim tenker dei ikkje på korkje auka skepsis eller mørke framtidsutsikter.

– Me har ikkje merka noko til negativiteten. Folk er positive. Undrande, men positive, seier Kari Ann Sleire.

– For vår del handlar det om å vise at vi har noko å tilby, og gjere folk fornøgde så dei kjem tilbake, legg Torunn Gill til.

Kva tenker de om framtida for det nye senteret dykkar?

– Eg tenkjer at dette kjem til å gå så det susar! seier Kari Ann Sleire.

Sleire er under utdanning om kraniosakralterapi, medan Torunn Gill har fleire kurs bak seg. Kraniosakralterapi er når ein ved hjelp av små berøringar prøver å justere noko i kroppen

– Vi kan ikkje sei at vi kurerer, men vi kan lindre alt frå tankar til ein sår muskel, seier Sleire.

Det finst mange meiningar om alternativ behandling. Alt frå folk som er positive til andre som er negative.

– Folk må få meine kva dei vil. Det er heilt greitt om dei ikkje vil komme til oss, seier Sleire.

6/11: Saka er oppdatert med ny informasjon.

Fasaden til Vadheim Alternative Senter

STOR PÅGANG: I Vadheim ligg det nyopna senteret for alternativ behandling som førebels har mange kundar

Foto: Borghild Andersdotter Vevle / NRK