SISTE: Ferjesambandet er no tilbake i rute.
Ferja låg midt ute på Nordfjorden. Ein av dei som skulle ta ferja torsdag ettermiddag er Mads Jonsson. Han skulle til Anda flyplass for å hente kjærasten og barnet sitt, og var ikkje nøgd med informasjonen frå Fjord1.
– Det går ikkje det, eg skal hente familien min på flyplassen. Før eg drog frå Stadlandet sjekka eg, og då stod det ingenting om innstilte ruter eller noko. No veit eg ikkje kva eg skal gjere, det gjer meg skikkeleg forbanna.
– Eg får finne nokon her på Nordfjordeid som har ein båt då, det er vel raskare enn å bruke tre timar rundt fjorden. No er eg litt rådlaus, men det første eg skal gjere er å ringe ferjeselskapet. Dette godtek eg ikkje.
I ustand igjen
Det var litt før klokka 11. torsdag føremiddag at Fjord1 informerte om at ferjesambandet over Nordfjorden mellom Anda og Lote vert innstilt inntil vidare på grunn av tekniske problem.
Regionleiar i Fjord1 Tor Kristoffersen seier at det lenge var uklart når sambandet ville vere tilbake i drift.
– Akkurat no er sambandet innstilt på grunn av tekniske problem. Det kan gå eit par timar før vi er i drift att, eller det kan gå eit lengre tidsrom. No jobbar vi både med å forsøke å rette opp feilen og med å forsøke å skaffe ei anna ferje.
Rundt fjorden
Kristoffersen sa tidlegare i dag at dei reisande på strekninga måtte rekne med å vente ei god stund før dei kjem seg over fjorden.
– Dersom dei har moglegheit til å køyre rundt, så anbefaler eg dei å gjere det fram til dei får beskjed om noko anna. Vi jobbar med saka, og vil legge ut informasjon på nettsidene og trafikkmeldingane våre.