Simon Øyre Øygard frå Førde er ein av mange som får vise seg fram under årets mønstring.
– Eg er med i ein duo vi kallar In contrast. Eg gler meg og likar å stå på scena, men eg er veldig spent, seier han.
Rigginga i Førdehuset går føre seg for fullt. Ein gjeng frå formgjevingslinja ved Mo og Jølster vidaregåande skule held på å henge opp all den flotte kunsten som er plukka ut til årets UKM.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Lovar fire med bra miks
I løpet av helga skal 64 kunstverk og 88 sceneinnslag visast fram. Prosjektleiar Ståle Haugen sei det er hektisk aktivitet for å få alt klart.
– I dag riggar vi lyd, lys og video. Vi gjer også klart green room, der artistane sit når dei sjølv ikkje er på scena, seier han.
I løpet av fire konsertar får publikum ta del i mange ulike sceneinnslag. Kvar konsert er sett saman med artistar frå forskjellige kommunar.
– Vi har droppa å presentere artistane kommunevis. Vi blandar innslaga for å få ein bra miks, slik at det blir fire jamne og gode framsyningar, seier han.
Følg med direkte på nett
NRK Sogn og Fjordane sender alle konsertane direkte i nett-TV. Det er medielinja ved Sogndal vidaregåande skule som sørgjer for bileta.
I løpet av helga kan du også følgje fylkesmønstringa i tekst og bilete på nettsida til NRK. Måndag morgon blir det stemningsrapportar i sendinga vår.
Slik er programmet i helga:
Laurdag 5. april
12:00 Kunstutstillinga opnar i Førdehuset - her finn du alle som stiller ut
13:00 Konsert 1 – her finn du alle artistane
19:00 Konsert 2- her finn du alle artistane
Søndag 6. april