Hopp til innhold

Dei heiter The Tacos - gjett kva som er favorittretten

Sjølvsagt vart det meksikansk feiring på tacojentene frå Hyllestad etter den feilfrie framføringa på Ungdomens kulturmønstring.

Feira med taco

OPPLAGT FEIRING: Gruppa The Tacos framførte på Ungdomens kulturmønstring i går. Etterpå feira dei, sjølvsagt, med taco.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– No skal vi berre vere stolte over oss sjølve, seier Aurora Eikelid (10) etter at dei har gått av scena i Førdehuset.

– Og så skal vi ut å ete taco, seier Annabella.

(Artikkelen held fram under videoen)

Timelaps av at publikum kjem inn i salen før første førestilling av Ungdomens kulturmønstring i Førde

Grugler seg

Ein halvtime tidlegare sit Annabella Høberg (11), Iselin Gjøenbøe (10) og Aurora Eikelid (10) i det vesle rommet ovanfor scena. Her ventar alle deltakarane før dei blir kalla opp.

Nokre sit stille og ser i golvet. Andre pratar fritt, tilsynelatande frie for nervar. Jentene frå Hyllestad brukar tida til ein siste repetisjon.

– Eg er nervøs og redd. Eg grugler meg, seier Annabella Høberg.

– Eg gler meg og er pittelitt nervøs, seier Aurora Eikelid.

– Kva er du nervøs for?

– For at vi skal synge feil.

(Artikkelen held fram under biletet)

Siste repetisjon

SISTE REPETISJON: Jentene øver for siste gong før dei skal på scena.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Gløymde å danse

Annabella Høberg har noko å revansjere frå sist gong dei framførte saman.

– På kommunemønstringa song eg feil, men det var fordi at eg song nesten heile songen. No har vi delt det opp litt og då trur eg det går bra, seier ho.

– Når merka du først at du byrja å bli nervøs?

– Då eg steig ut bilen på parkeringsplassen her, seier Høberg.

Dei skal synge èin song: Secrets av One Republic. Etter at dei kom vidare frå den lokale mønstringa i Hyllestad har dei øvd kvar dag i over ein månad. Dansinga er det dei har brukt mest tid på.

– Vi skulle danse i Hyllestad òg, men vi gløymde det., seier Annabella Høberg.

(Artikkelen held fram under biletet)

OBS

OBS: Dette er trappa alle dei nervøse deltakarane må ned for å komme på scena.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Det er berre å smile

På lydprøva gjekk det fint. Nokre minuttar før dei skal på scena, håpar dei berre på å gjere det like bra, no når det verkeleg gjeld.

– Korleis blir det når de går ned trappa der og ut på scena og ser at salen er full av folk?

– Då blir det berre å smile, seier Iselin Gjøenbø.

– Eg kjem berre til å seie "wow", seier Aurora Eikelid.

Så blir dei kalla ned til scenekanten. Jentene tullar og dansar, men då dei siste tonane trillar ut frå bandet før dei på scena, byrjar alvoret å gå opp for dei. Ansikta blir alvorlege og kroppsspråket langt stivare.

– Om nokon av dykk skulle gjere noko feil, så betyr det ingen verdas ting, seier Svein Åge Eikelid, som er far til Aurora og med som moralsk støtte.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rett før

NERVØSE: Jentene i The Tacos kjenner at spenninga stig etter kvart som det nærmar seg deira tur. Her er det rett før dei skal på scena. Svein Åge Eikelid prøver å muntre dei opp.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Frå spøk til alvor

Så går dei forsiktig inn på scena. No skal dei hugse alle dansetrinna og songtekstane dei har pugga.

Eit par korte minutt, så vips er det over.

– Det var skummelt, men ikkje så skummelt som eg trudde på førehand. Eg tenkte at det er berre pappa som står og ser på. Då turte eg mykje meir, seier Aurora Eikelid etterpå.

– I byrjinga var eg nervøs, men så plutseleg byrja eg å kose meg. No håpar eg at vi går vidare, seier Iselin Gjøenbø.

– Eg er skikkeleg stolt over oss, for vi gjorde ikkje feil. For første gong i historia, seier Annabella Høberg.

– No kan eg fortelje folk i familien at eg har sunge i Førde, seier ho.

Endeleg på scena

I RAMPELYSET: Endeleg kan jentene vise kva dei har øvd på i månadsvis.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK