Hopp til innhold

Føler seg overkøyrd av styresmaktene: – Vi har følt oss som gissel

GOL (NRK): Lokale krefter kravde meir samhandling og mindre statleg overstyring i kampen mot skrantesjuke under eit møte på Gol måndag.

Sigmund Tveitehagen

SKUFFA: Leiar i villreinutvalet, Sigmund Tveithagen, er framleis skeptisk til vedtaket om å skyta ned heile villreinstamma i Nordfjella. Han er spesielt bekymra for dyrevelferda.

Foto: Håvard Heggen / NRK

– Vi føler oss overkøyrd. Alle utval og grupper som er sett saman er veldig topptungt og det er få lokale representantar. Vi har følt oss som gissel, seier Leiar i villreinutvalet, Sigmund Tveithagen.

I dag var grunneigarar, jegerar, statlege etatar og ordførarar i dei råka kommunane samla på villreinmøte på Gol for å finne vegen vidare for nedskytinga av villreinstammen i Nordfjella.

Området i Nordfjella består av fjellområde i Aurland, Lærdal, Hol, Hemsedal og Ål.

For lite involvert

Det var i mai i år at landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) bestemte at 2200 villrein i Nordfjella måtte bøta med livet, i eit forsøk på å hindre spreiing av skrantesjuke.

Avgjerda var støtta opp av råda frå fagetatane som meinte det var den einaste utveg.

– Vi føler avgjerder vert tatt over hovudet for oss og det viktige her er at vi får vera med på å bestemma, seier Jan Geir Solheim (Sp) som er ordførar i Lærdal.

Måten jakta vert gjennomført på er først ved utvida ordinær jakt som har tatt ut om lag 500 villrein. Dei resterande 1700 skal takast ut ved hjelp av eit statleg jaktlag og målet er at all villreinen skal vera utrydda innan 1. mai neste år.

– Eg har vore skeptisk heile tida og er det framleis. At det skal skje så fort vil gå utover dyrevelferda, seier Tveithagen i villreinutvalet.

Skrantesjuke, møte om villrein Gol

MANGE: Salen på Pers Hotel på Gol var full under møtet om skrantesjuke.

Foto: Sondre Dalaker / nrk

Meir sikker

Direktør Pål Prestrud i Statens naturoppsyn representerte Miljødirektoratetpå møtet på Gol. Han forstår kritikken frå grunneigarane og ordførarane.

Direktør Pål Presterud i Statens Naturoppsyn representerte Miljødirektoratet

Pål Prestrud, direktør i Statens naturoppsyn.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Vi syns innspelet frå kommunane er konstruktivt og det skal vi følgje opp, saman med Mattilsynet, seier Prestrud.

To tilfelle av skrantesjuke vart registrert i førre veke , ein villrein i Nordfjella og ei elgku i Lierne i Nord-Trøndelag.

Det gjer fagetatane endå sikrare på at avgjerda om sanering er rett.

– For å kunne ha ein framtidig frisk og levedyktig stamme i Nordfjella i framtida så må smitten bort og då er dette einaste alternativ. Det er dessverre ingen kur mot denne sjukdommen og derfor er dette einaste utveg, seier beredskaps- og tryggleiksdirektør i Veterinærinstittutet, Jorun Jarp.