Hopp til innhold

To nye tilfelle av skrantesjuke

Ein villrein i Nordfjella og ei elgku i Lierne i Nord-Trøndelag har testa positivt på skrantesjuka.

Hentar ut skrantesjuk villrein

SKRANTESJUKE: Det held på no eit storstilt nedskytingsprosjekt av villreinen i Nordfjella for å få bukt med skrantesjuka.

Foto: Petter Braaten/SNO

Dermed er det funne skrantesjuke hos sju villrein i Nordfjella siste to åra. Det er også funne tre tilfelle av skrantesjuke på elg i Selbu og Lierne i Sør-Trøndelag.

– Vi skal no sjå om det siste tilfellet gir grunn til å bruke endå meir ressursar på å ta ut prøver i også det området, seier Karen Johanne Baalsrud, direktør for plantar og dyr i Mattilsynet.

Vil reetablere stamme

karen johanne baalsrud

NYTT TILFELLE: Karen Johanne Baalsrud seier dei har funne to nye tilfelle av skrantesjuke.

Foto: Mattilsynet

Vurderingane gjer Mattilsynet saman med Miljødirektoratet, Veterinærinstituttet og Norsk institutt for naturforsking (NINA). Baalsrud skildrar situasjonen med skrantesjuka som alvorleg og spennande.

I Nordfjella går det no eit storstila prosjekt, der heile villreinstammen på 2.200 dyr skal slaktast ned og over tid erstattast av ein ny stamme.

– Funna i Nordfjella var vi budde på. Der er vi berre glade for at vi ikkje har funne meir. Vi håpar vi er i starten av eit sjukdomsutbrot som vi har moglegheit til å få bukt med, seier Baalsrud.

Vurderer tiltak

Avdelingsdirektøren seier det per no er for tidleg å seie om dei også i Trøndelag vil gjennomføre liknande tiltak som i Nordfjella.

– Vi justerer heile tida planane for prøvetaking og tiltak, men vil vite litt meir om det siste tilfellet før vi kan svare sikkert på det, seier Baalsrud.

I tillegg til å teste ville hjortedyr, blir det tekne prøvar av oppdrettshjort og all tamrein over eitt år som blir sendt til slakt. Mattilsynet ber alle som ser magre og mindre sky hjortedyr om å varsle.

Blir sendt til prøve

Mattilsynet har vore i kontakt med jegeren som skaut elgen ved Lierne.

Slakteskrotten og slakterestar som låg att på fellingsstaden er teke hand om av Mattilsynet og blir sendt til Veterinærinstituttet for prøvetaking.

– For halvanna år sidan visste vi ikkje at sjukdomen var i Europa og den var aldri påvist på rein. Det er mykje vi lurer på, men vi fagfolk har sete saman og gjeve oss gode rapportar på korleis dei trur biletet kan sjå ut, kva vi bør gjere for å få meir kunnskap og kva tiltak vi bør setje i verk, seier Baalsrud.