Hopp til innhold

Fodnes ferjekai blir stengd på dagtid neste veke

Dette må du vite om kriserutene, reisetida og kor lenge stenginga varar.

Fodnes

STENGT: Ikkje køyr hit om du skal kome deg over fjorden på dagtid mellom 17.–21. oktober.

Foto: Vegvesenet

Fjellsida over Fodnes ferjekai skal reinskast for stein og bli sikrare enn ho er no.

– Vi skal reinske området over kaien og sette opp rasfanggjerde langs heile strekket der ventefila for bilar er. I den perioden vi skal ta ned stein må vi stenge kaien på dagtid, slik at ikkje bilar får stein på seg, forklarer Svein Jarle Slinde, som er byggeleiar for prosjektet i Statens vegvesen.

Frå måndag 17. oktober til fredag 21. oktober vil ferja gå mellom Mannheller og Lærdal på dagtid når Fodnes er stengt.

Dette betyr det for deg som skal ta ferja

– Dei reisande må rekne med litt lenger reiserute og litt færre avgangar til veka, seier Slinde.

Frå måndag til onsdag er Fodnes ferjekai stengd mellom klokka 09.00 og 17.30.

Sidan torsdag og fredag er store utferdsdagar blir arbeidet avslutta litt tidlegare. Då er kaien stengd mellom 09.00 og 15.00.

Ferjeturen frå Lærdal til Mannheller vil ta om lag 40 minuttar.

  • Sjå kriserutene i faktaboks til høgre
  • Her finn du oppdatere trafikkmeldingar: Fjord1.no/ferje
  • Ring 177 for ruteopplysning eller nå Fjord1 på 57 75 70 00

Ruteinformasjonen til Fjord1 veit enno ikkje kva som blir første avgang om ettermiddagane når kaien opnar. Følg med på fjord1.no for oppdaterte

Svein Jarle Slinde

BYGGELEIAR: Svein Jarle Slinde i Vegvesenet skal leie arbeidet med å sikre fjellsida over Fodnes ferjekai for steinsprang.

Foto: Vegvesenet

trafikkmeldingar.

Skal gjere mykje på kort tid

Fodnes har ikkje vore meir rasfarleg enn andre vegstrekkjer, fortel Svein Jarle Slinde i vegvesenet. Men sidan det er ein ferjekai må dei sikre fjellsida ekstra godt.

– Sidan det er ein ferjekai står bilane lenge i ro og ventar. Dei har lengre eksponeringstid for stein enn andre plassar, og difor er krava ekstra høge til sikring i fjellet rundt, fortel han.

Vegvesenet skal jobbe med å sette opp fanggjerde og sikringsnett fram til desember, men dei prøver å bli ferdige med alt arbeidet som gjer at ferjekaien må vere stengd i neste veke.

– Vi legg opp til intensiv innsats neste veke, så satsar vi på at arbeidet ikkje blir til hinder for trafikantane etter det, avsluttar byggeleiar Slinde.