Hopp til innhold

Flytting av operasjonssentralen blir ikkje utsett

Utspelet frå Senterpartiet og Arbeidarpartiet i valkampen om å utsette flyttinga av politiet sin operasjonssentral frå Florø til Bergen vart eit slag i lufta. Flyttinga skjer som planlagt 8. november.

Operasjonssentralen i Florø

SNART SLUTT: Den 8. november sit det ikkje lenger folk på operasjonssentralen i Florø.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det stadfestar Odd Arve Solvåg, som er driftseiningsleiar for operasjonssentralen i Florø. Han ser ikkje nokon effekt av det politiske utspelet.

– Det var kanskje i seinaste laget å kome på bana i august, så vi held oss til datoen som er fastsett, den 8. november. Då blir vi slege saman med sentralen i Hordaland til ein felles operasjonssentral for heile Vest politidistrikt.

Den 24. august i fjor kunngjorde politimeister Kaare Songstad at Vest politidistrikt skal få ein felles operasjonssentral i Bergen 8. november i år. I valkampen prøvde Senterpartiet å få til eit initiativ for å få utsett flyttinga.

Odd Arve Solvåg

– TO BLIR MED TIL BERGEN: Driftseiningsleiar Odd Arve Solvåg.

Foto: Magnus Gamlem / NRK

Sigurd Reksnes i Sp sa då at han meinte flyttinga var forhasta, og Ingrid Heggø frå Ap sa det var galskap å bruke store summar på ei flytting som ein kan unngå ved å bruke moderne teknologiske løysingar.

– Liten del av puslespelet

Men dette vart aldri noko meir enn eit valkamputspel. Leiinga i Vest politidistrikt tok iallfall ikkje omsyn til det. Morten Ørn, som er leiar for fellesoperative tenester, seier dei registrerte utspelet.

– Men det er ikkje opp til Vest politidistrikt å avslutte den prosessen som går no med opning av nye operasjonssentralar. Der er vi ein liten del i eit stort puslespel.

Berre to vil til Bergen

Politimeister Kaare Songstad har sagt at han ynskjer at flest mogeleg av dei tilsette ved operasjonssentralen i Florø blir med til Bergen. Men Odd Arve Solvåg seier at av vel 20 tilsette ved er det berre to som blir med på lasset til Bergen. Resten blir spreidde på stillingar rundt om i Sogn og Fjordane.

Sjef for bergen sør politistasjon, Morten Ørn

HADDE HÅPA PÅ FLEIRE: Morten Ørn, leiar for fellesoperative tenester.

Foto: Mikal Olsen Lerøen / NRK

– Nokre er litt avventande, men i all hovudsak får dei jobb i Sogn og Fjordane, både i Florø, Førde og elles i fylket.

Morten Ørn seier han hadde håpa på fleire med godt kjennskap til Sogn og Fjordane i den nye operasjonssentralen.

– Eg ville gjerne ha hatt ein på kvart av dei ni teama som no blir etablert. Slik gjekk det dessverre ikkje. Men vi har dyktige innsatsleiarar som vil leie oppdraga ute, så vi skal nok få det til på ein god måte.

I april i år fekk Florø eit nytt skot for baugen. Då vart det kjent at Vest politidistrikt vel Førde som hovudsete for polititenestene i Sogn og Fjordane. Solvåg seier at etter 8. november blir det att ni stillingar knytt til politihuset i Florø.

– Formidabel innsats

Men han rosar dei tilsette for den innstillinga dei har hatt til jobben i dei 13 månadene som har gått sidan det vart kjent at arbeidsplassen deira blir flytta til Bergen.

– Det er vel ingen som har jobba så mykje for å legge ned sin eigen arbeidsplass. Folk skal vere klare over at den innsatsen som er levert i den tida vi har vore klare over at vi skulle leggast ned, den har vore formidabel. Eg trur nok at dei kjem til å bli sakna både av publikum og av patruljane i Sogn og Fjordane.