Hopp til innhold

Vil utsette flytting av operasjonssentralen til Bergen

LEIKANGER (NRK): Senterpartiet sitt krav om å utsette flyttinga av politiet sin operasjonssentral frå Florø fekk støtte i fylkesutvalet. No skal dei sende brev til politimeisteren.

Operasjonssentralen i Florø

FLYTTA: Frå 8. november vert politiet sin operasjonssentral i Florø flytta til Bergen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Slik som det er no så er det forhasta. Brannvesenet og politiet er samlokalisert i Florø og vi vil gå frå ein situasjon der vi har noko som fungerer som det skal, til ei løysing der dei vil ligge på to forskjellige plassar. Det syns eg er veldig uheldig, seier Sigurd Reksnes som er fylkesleiar i Senterpartiet.

Tysdag melde Firda at Senterpartiet ville ta opp spørsmålet om ei utsetting av flyttinga av operasjonssentralen frå Florø til Bergen.

Eit fleirtal i Stortinget har bestemt at operasjonssentralen i Florø vert nedlagt 8. november i år og at ein samla sentral for Vest politidistrikt skal ligga i Bergen.

Støtte

På dagens møte i fylkesutvalet vart dei samde om å forfatta eit brev til politimeisteren der dei ber om utfyllande informasjon om flyttinga.

– Vi veit at det må investerast mykje pengar for å få til ei samlokalisering i Bergen. Eg meiner det er så mange usikre faktorar at ein kan utsette dette til ein veit at det er gode og trygge løysingar på plass, seier Reksnes.

– Er dette eit forsøk på å få avlyst heile flyttinga?

– Nei, vi må akseptera at eit fleirtal på Stortinget har vedteke dette mot vår vilje, men vår agenda er at dette har vore veldig forhasta og uklokt. Vi ønsker at dei kan drive vidare med det dei har i Florø før samlokaliseringa i Bergen er på plass, seier han.

Også Arbeidarpartiet var ute og støtta Sp i bekymring.

– Vi må få svar kva som er mogeleg. For om det er vilje til å gjera det, er vi opne for å sjå på om det går å tenke nytt med ein virtuell sentral som er knytt saman med Bergen. Då treng ein ikkje flytte fysisk, seier Åshild Kjelsnes (Ap).

Regjeringa kutta talet på politidistrikt ned til 12 og Sogn og Fjordane vart sett saman med Hordaland til Vest politidistrikt frå 2016 av.

Fylkesutvalet, Sogn og Fjordane

FORHASTA: Både Sigurd Reksnes (t.v.) og Åshild Kjelsnes (t.h) meiner det er forhasta å flytte operasjonssentralen frå Florø til Bergen alt 8. november i år.

Foto: Sondre Dalaker / NRK