Det store raset gjekk ved halv-to tida måndag. Kjell Botnen som eig garden seier det er på fleire tusen kubikkmeter. 45 dekar av garden er dekka av raset som starta i 600 meters høgde. Det er omlag halvparten av den dyrka marka på garden inst i Angedalen.
- Då granfeltet forsvann, så var det som om det vart slege med ljå, seier Botnen.
Det var ni personar i dei to husa på garden. Fleire av dei var tilreisande. Måndag kveld fann seks av dei det tryggast å overnatte ein annan stad. Kjell Botnen og to andre ville likevel overnatte i husa.