Flyttar frå Oldedalen. Frå venstre Kristin (2), Sverre (3), Harald (5) og Johanne (8). Bak Turi Øye og Mons Rustøy.
Mons Rustøy og familien hans flytta til Oldedalen i 2000. Halvanna år seinare flytta dei inn i nytt hus like ved skulen og barnehagen. Men no orkar dei ikkje meir, og dei flyttar til Austlandet 1. februar, skriv Fjordingen.
- Vi etablerte oss i håp om at vegen ville bli sikra mot ras. Men ingenting skjer, seier Turi Øye til avisa.
Vegen til Oldedalen er ein av dei mest rasutsette vegane i Sogn og Fjordane. Om hausten og vinteren går det ofte stein, jord- og snøras på den smale og svingete vegen. Bygdefolket har kravd rassikring, men fylkeskommunen har så langt ikkje funne pengar.
Psykisk press
Rustøy jobbar i Oldedalen, medan Øye pendlar på den rasfarlege vegen til jobb utanfor bygda. Småbarnsmora fortel at ho i fjor vinter var borte sju dagar frå jobben. Ei natt torde ho heller ikkje køyre heim på grunn av rasfare.
- Det første eg gjer om morgonen og det siste om kvelden er å sjekke vermeldingane på tekst-tv, seier Øye til Fjordingen.
Trist å flytte
Mons Rustøy har vakse opp i Oldedalen og flytta hit med familien for å gje borna på to, tre, fem og åtte år ein trygg oppvekst. Men å leve i konstant frykt for ras vert for tøft.
- Vinteren i fjor var spesielt ille. Då var det rasfare frå oktober til april. Det blir svært slitsamt, seier Rustøy til NRK Sogn og Fjordane.
Beklagar flyttinga
Ordførar i Stryn, Nils P. Støyva, beklagar at familien kjenner seg tvinga til å flytte.
- Det er leit at dei flyttar, men eg har full forståing for at folk kjenner frykt for å bu i slike område som vi her snakkar om, seier Støyva.