Hopp til innhold

– Her er det ro og fred og her får eg brukt kroppen min

– Her er det ro og fred og her får eg brukt kroppen min, seier ei smilande Berthe Marie Bjørnstad. Nyleg flytta ho og mannen frå Grünerløkka til vesle Stardalen i Jølster.

Berthe Marie Bjørnstad og Staffan Bengtsson målar hytter.

MYKJE Å GJERE: Berthe Marie Bjørnstad (43) og Staffan Bengtsson (36) målar hytter på Høyseth camping i Stardalen Jølster. Dei har nyleg flytta frå Grünerløkka i Oslo. Målet er å få «det gode liv» i Stardalen.

Foto: Bård Siem / NRK

Etter 20 år på Grünerløkka har Berthe Marie (43) fått nok av det hektiske og stressande livet i Oslo. Saman med ektemannen Staffan Bengtsson (36) byrja ho å søkje etter småbruk til sals på Finn.no.

Då småbruket Høyseth med campinghytter inst inn i den idylliske Stardalen kom for sal, var valet enkelt. Dette var den store draumen. Dette ville dei kjøpe.

Det er hektisk aktivitet i og rundt campinghyttene når NRK er på besøk. Medan svigerfar målar hytteveggen, held Berthe Marie på med vask inne i hytta. Staffan er i ferd med å bere ut madrassar for lufting.

Berte Marie Bjørnstad og Staffan Bengtsson luftar madrassene i campinghyttene.

LUFTAR MADRASSAR: Berthe Marie Bjørnstad (43) og Staffan Bengtsson (36) ber ut madrassar frå campinghyttene.

Foto: Bård Siem / NRK

Det er mange som gjer som paret i Stardalen. Så langt i år ligg småbruk på 7. plass på lista over dei mest brukte søkeorda på nettstaden FINN. I 2017 var småbruk på 2. plass.

Dei fleste søka etter småbruk kjem frå Akershus. Tett fulgt av Hordaland og Rogaland.

Lever ut draumen

Bak campinghyttene buldrar fossen frå elva som er full av smeltevatn. Rett aust ligg snøskavlane nedover fjellsida og ein skal ikkje langt før ein når Jostedalsbreen. Det blir sett fram stolar og bord på det grøne vårgraset.

– Dette har vi drøymt om lenge, seier Staffan medan han heller i seg eit glas med vatn.

– Både Staffan og eg har så mykje energi at vi lenge har lyst til å skape oss noko eige. Her har vi nok å gjere, seier Berthe Marie.

Frå spesialpedagog til camping

Planen er å ruste opp dei åtte campinghyttene og skape ei aktiv turistbedrift. I tillegg jobbar dei for å opne gartneri og gardsbutikk med sal av frukt, bær, grønsaker og urter.

Du har jobba som spesialpedagog på Grünerløkka. Overgangen til Stardalen er stor?

– Ja. Frå å sitje på eit kontor og skrive sakkunnige vurderingar, er det noko heilt anna beise hytter og måke utedoen.

Er det draumen om det gode liv som har ført dykk hit?

– Ja, det er på mange måtar det, seier Staffan til samtykkande nikk og smil frå kona.

Berthe Marie Bjørnstad og Steffan Bengtsson ved fossen som ligg heilt inn til Høyseth Camping.

DET GODE LIV: Berthe Marie Bjørnstad (43) og Staffan Bengtsson (36) har det fint på Høyseth i Stardalen.

Foto: Bård Siem / NRK

– Vi er realistiske

For å få det til å gå rundt økonomisk held Staffan fram i salsjobben sin. Jobben kan han stort sett gjere heimanfrå via internett.

Mange som søkjer det gode liv får det til. Men enkelte opplever at det blir ikkje slik ein trudde. Er de redde for å oppleve noko slikt?

– Vi er realistiske og tek små skritt om gongen. I løpet av sommaren vil vi ha funne ut mykje, seier Berthe Marie.

Dei blir i Stardalen fram til 1. oktober. Målet er at dei skal bu permanent i Stardalen frå våren 2019 eller våren året etter.