Hopp til innhold

Fekk melding om røykutvikling ti minuttar etter take off

Widerøes 17.40-avgang frå Oslo til Førde måtte returnere til Gardermoen få minuttar etter at det hadde teke av.

Widerøe-fly returnerte til Oslo

RETURNERTE: Besetninga på tre og dei 17 passasjerane fekk eit raskt gjensyn med Gardermoen.

Foto: Kai Aage Pedersen / NRK

Etter berre ti minuttar i lufta fekk kapteinen varsel om røykutvikling i lasterommet.

Dermed returnerte flyet, med 17 passasjerar og besetning på tre personar, til Gardermoen.

– Flyet returnerte med ein gang, og vart møtt av teknikar som sjekka flyet. Alt tyder på at det var indikasjonsfeil, seier informasjonssjef Silje Brandvoll hos Widerøe.

Skulle til Bergen

Flyet skulle ha landa i Førde klokka 1842, og skulle etter planen gått vidare til Bergen eitt kvarter seinare. At flyet igjen står i Oslo betyr at også avgangen til Bergen blir forseinka.

Det heile skal ha gått utan dramatikk og etter det NRK kjenner til var det verken panikk eller røyk i kabinen.

Passasjerane får no høve til å stille spørsmål om hendinga.

– Flyet blir no sjekka ut, og dersom det er greitt vil same fly ta opp att ruta. Om flyet skulle stå lenge på bakken, så blir passasjerane booka om på andre fly, seier Brandvoll.