Flora-ordførar Bente Frøyen Steindal
Shell får i dag forsyningane til Brent frå Storbritannia, men vurderer sterkt å hente desse tenestene frå Noreg i framtida. Men i eit brev frå Flora til Olje- og energidepartementet vert det no vist til at Shell ser ut til å velje Bergen utan å greie ut lokaliseringa på vanleg måte.
Flora-ordføraren skriv i brevet til Olje- og energidepartementet at Shell ser ut til å gå omvegar i valet av ny forsyningsbase. Florø og heile oljemiljøet i fylket kjenner seg forbigått av Shell når det gjeld flytting av forsyningstenestene til Brent-feltet.
- Billegast frå Florø
- Florø er den basebyen som ligg nærast Brent-feltet. Difor blir kostnadene lågast med å forsyne Brent frå Florø. Når Shell ser ut til å velje Bergen, så er det i så fall utan å ha vurdert alternativa kommersielt, seier Flora-ordføraren, som legg til at Florø treng fleire forsyningsoppgåver.
- Shell har ansvar
Fylkesordørar Nils R.Sandal meiner at Shell har eit klart utgreiingsansvar ved val av nye basestader i Noreg. - Sogn og Fjordane kjem dårleg ut når det gjeld oljeaktivitet. 28 prosent av oljeproduksjonen skjer utanfor vår del av kysten, men vi har berre ein prosent av oljesysselsettinga, seier Sandal.